Andrea Palladio, fødd Andrea di Pietro della Gondola, () var ein italiensk arkitekt.

Bakgrunn Han vart fødd i Padova i republikken Venezia, og arbeida med steinhogging. Humanisten Giangiorgio Trissino såg talentet hans, og støtta han, i tillegg til å gjeva han kallenamnet «Palladio» etter Pallas Atene som er den greske gudinna for visdom. I 1541 vitja han Roma der han studerte oldtidas arkitektur, som gjorde eit djupt inntrykk på han.

Han er kjend for kyrkjene sine, palass og især villaar. Mange av bygningane hans vert funne i eller nær adoptivbyen hans Vicenza. To av Venezia sine store kyrkjer San Giorgo Maggiore og Il Redentore er teikna av Palladio.

Innverknad Boka til Palladio I Quattro Libri dell'Architettura uttrykkjer hans prinsipp: forhold, symmetri, bruk av antikke modellar og attgjev bygningsteinkningar av mange av prosjekta hans. Dei var grunnlaget for palladianismen, ei viktig arkitekturrørsle i det 18. hundreåret, som beundra Palladio og freista å etterlikna arkitekturformane hans.

Arkitektar dreg ofte på pilegrimsferd til Palladio sine villaar for. inspirasjon og læring.

Boka til Witold Rybczynski The Perfect House, Det Perfekte Huset beundrar arkitekturen hans.

Verk i utval Nokre av Palladio sine villaar har kome inn på UNESCO si verdsarvliste. Villa Badoer Villa Emo Villa Cornaro Villa Foscari «La Malcontenta» Villa Capra «La Rotonda»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Andrea Palladio» frå , den 24. november 2022.

Bakgrunnstoff Andrea Palladio (2002). I Quattro Libri dell'Architettura (Engelsk oversettelse av Robert Tavernor og Richard Schofield utg.). MIT Press. ISBN 0-262-66133-0. Robert Tavenor (1991). Palladio and Palladianism. Thames & Hudson. ISBN 0-500-20242-7. James S. Ackerman (1966). Palladio. Penguin. ISBN 0-14-013500-6. Rybczynski, Witold (2002), The Perfect House: A Journey with the Renaissance Master Andrea Palladio (på engelsk), Simon and Schuster, ISBN 978-0-7432-0586-3

Kategori:Renessansearkitektar Kategori:Italienske arkitektar