mini|Bestemor som les høgt for barnebarn.

Høgtlesing er ei form for lesing som går ut på å gje ein skriven tekst munnleg form, i motsetnad til stillelesing eller å høyra på ei lydbok.

Ved høgtlesing utfører ein tre hovudoperasjonar:

ein stille, visuell leseoperasjon (eg les, eg forstår) en taleoperasjon (eg seier det eg har lese og forstått) ein tilbakemeldingsoperasjon (eg tek omsyn til effekten av talen min på tilhøyraren).

Høgtlesing kan utførast av forfattaren av teksten, av ein profesjonell skodespelar (noko som ofte er tilfelle med lydbøker) eller av ein tilfeldig lesar (elev, lærar, bibliotekar, familiemedlem). Ein kan lesa høgt for seg sjølv eller eit publikum på ein eller fleire personar.

Døme

Forfattaren Gustave Flaubert brukte lesa bøkene sine for seg sjølv for å prøva dei ut, ein prosess han kalla «gueuloir». Etter at Jorge Luis Borges blei blind hadde han Alberto Manguel som personleg lesar. Offentleg høgtlesing er derimot gjerne retta mote ei gruppe personar. mini|Jan Off opptrer med høgtlesing. Høgtlesing kan gje ein tekst ein ny dimensjon ved at forfattaren eller ein dyktig lesar fører boka nærare tilhøyrarane.

Den franske skodespelaren Fabrice Luchinis heldt opplesingframsyningar på teater i 1985 med Voyage au bout de la nuit av Louis-Ferdinand Céline.1985 : Lecture de Voyage au bout de la nuit de Louis-Ferdinand Céline, mise en scène Fabrice Luchini, Théâtre du Rond-Point. Den norske skodespelaren Svein Tindberg er blitt kjend for framføring og opplesing av bibeltekstar, fyrst med Markusevangeliet i 1995.

I 2017 tok Sonia Dheur for seg opplevinga av høgtlesing blant franske opplesarar og tilhøyrarar i ein studie.. Dette er offentlege opplesingar av verk som allereie er gjevne ut ved hjelp av profesjonelle lesarar (ofte kjende skodespelarar) og i nært samarbeid med forfattarar, forleggjarar, bokhandlarar, bibliotekarar, animatørar og kunstnarar.

mini|Høgtlesing for ein skuleklasse i California

Høgtlesing er ein klasseaktivitet på same måte som andre leseaktivitetar, som personleg stillelesing. I motsetnad til andre leseaktivitetar krev høgtlesing dugleik i å meistra kode og teiknsetjing slik at lesinga blir jamn og lett forståeleg for tilhøyraren. Høgtlesing er dermed ein aktivitet som kan brukast til leseøving. Lærarar kan også lesa høgt for klassen av ulike grunnar.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lecture à voix haute» frå , den 6. desember 2022.

Bibliografi

. . . .

Kategori:Scenekunst Kategori:Lesing