Bell's Weekly Messenger var ei britisk avis som fyrst kom ut 1. mai 1796, med John Bell som eigar.A Catalogue of Books, Newspapers, &c. Printed by John Bell, of the British Library, the Morning Post, Bell's Weekly Messenger, &c. [...] Exhibited at the First Edition Club, London, 15 April-May 5, 1931 (London, 1931). Ho var opphavleg ei sundagsavis, men frå 1799 blei London-utgåva trykka opp att på måndagen og distribuert over heile landet.Prospectus. ESTC citation no. T124125. I 1803 blei det selt 6000 eksemplar i veka, med ein pris på 6 pence.J. C. Reid, Bucks and Bruisers: Pierce Egan and Regency England (London, 1971), p. 28. I 1799 blei det også gjeve ut ei omarbeidd utgåve av tidlegare aviser frå det året med tittelen Bell's Annual Messenger, laga for internasjonal distribusjon med støtte frå Det britiske austindiakompaniet.

Frå måndagsutgåva byrja å koma ut i 1799 hadde ho informasjon om landbruksmarknader i Storbritannia. Sjølv om Bell's Weekly Messenger byra som eit generelt vekeblad, byrja det etter at det kjøpte Evans and Ruffy's Farmers' Journal i 1832 å gje større dekning til jordbruksemne, og var i mange år den leiande jordbruksavisa i Storbritannia.Evans and Ruffy's Farmers' Journal, National Library of Australia

Avisa hadde tittelen Bell's Weekly Messenger til mars 1896, då det blei omdøypt til Country Sport.

I 1832 blei den fyrste kjende avisteikninga i Storbritannia gjeven ut i Bell's New Weekly Messenger.

Kjelder

James Grant. The Great Metropolis. Third Edition. Saunders and Otley. Conduit Street, London. 1838. First Series. volume 2. p 128 et seq. Reprinted in Foster's Cabinet Miscellany, New York, Theodore Foster, 1838, volume 1, p 227 et seq.

Kategori:Publikasjonar nedlagde i 1896 Kategori:Tidlegare britiske aviser