mini|Rapsolje i ei skål
Rapsolje er olje pressa ut frå frøa til raps, og er ei av dei eldste kjende planteoljene. Det finst både mat- og industrielle variantar av olja, som blir laga av frøa til ulike kultivarar av plantar frå krossblomfamilien. Historisk var bruken av olja avgrensa på grunn av høgt innhald av erukasyre, som er skadeleg for hjartemuskelen til dyr, og glukosinolat, som gjer henne mindre næringsrik i dyrefôr. Rapsolje kan innehalda opptil 54 % erukasyre. Det blir dyrka mykje raps i Canada, Frankrike, Belgia, Storbritannia, USA, Nederland, Tyskland, Danmark (særleg på Bornholm) og Polen.
Historie mini|Rapsblomar
Namnet for raps kjem frå det latinske , som tyder 'nepe'. Nepe, kålrot, kål, rosenkål og sennep er i slekt med raps, som høyrer til kålslekta. Oljefrøvarietetar frå kålslekta er nokre av dei eldste plantane menneske har dyrka, med dokumentert bruk i India for 4000 år sidan og i Kina og Japan for 2000 år sidan.Snowdon R et al. "Oilseed Rape". Chapter 2 in Genome Mapping and Molecular Breeding in Plants: OIlseeds. Ed, Chittaranjan Kole. Springer, 2007 Bruk i Nord-Europa for oljelampar er dokumentert frå 1200-talet.Snowdon R et al. "Oilseed Rape". Chapter 2 in Genome Mapping and Molecular Breeding in Plants: OIlseeds. Ed, Chittaranjan Kole. Springer, 2007 Rapsoljeekstrakt blei fyrst sett på marknaden i 1956–1957 som matprodukt, men desse leid av fleire uakseptable eigenskapar. Rapsolje hadde ein særeigen smak og ein grønaktig farge, ettersom ho inneheldt klorofyll. Ho inneheldt også eit høgt nivå av erukasyre.
Ein ny type rapsolje, kjend som canola i Nord-Amerika, blei danna frå kryssingar av B. napus- og B. rapa-kultivarar aved University of Manitoba i Canada av Keith Downey og Baldur R. Stefansson tidleg på 1970-talet. Denne hadde ulikt næringsinnhald frå anna samtidig rapsolje, og eit mykje lågare innhald av erukasyre. Canola var opphavleg eit varermerkenam for Rapeseed Association of Canada, sett saman av «Can» frå Canada og «OLA» frå Oil, low acid, men er blitt eit generelt omgrep for etande variantar av rapsolje i Nord-Amerika og Australasia.
I 1995 blei det innført ein genetisk modifisert rapsplante i Canada som tolererte plantegifta Roundup (glyfosat), kalla Roundup Ready canola. Ein genetisk modifisedrt variant utvikla i 1998 er rekna som den mest motstandsdyktige varianten mot sjukdom og tørke til no. I 2009 var 90 % av avlingane i Canada motstandsdyktige mot plantegift.Beckie, Hugh et al (Autumn 2011) GM Canola: The Canadian Experience Farm Policy Journal, Volume 8 Number 8, Autumn Quarter 2011. Henta 20. august 2012 I 2005 var 87 % av rapsen dyrka i USA genetisk modifisert.Johnson, Stanley R. et al Quantification of the Impacts on US Agriculture of Biotechnology-Derived Crops Planted in 2006 National Center for Food and Agricultural Policy, Washington DC, February 2008. Henta 12. august 2010. I 2011 var 8,2 millionar av 31 millionar hektar raps dyrka i verda (26 %) genetisk modifiserte.
Det er ikkje tillate å dyrka genmodifisert raps i Noreg eller EU. Det er likevel opna for å importera rapsolje laga med genmodifisert raps til EU. Det er også gjort framlegg om å tillata import av rapsolje frå GMO-raps som fôrmiddel til Noreg.
Produksjon og handel mini|Rapsåker i Manitoba i Canada
+Rapsoljeproduksjon i 2019LandMillionar tonn4,23,12,51,7Totalt24,4 I 2019 blei det produsert 24 millionar tonn rapsolje i verda, med Canada, Kina og India som dei største produsentlanda, som stod for 40 % av totalmengda. Canada var den største eksportøren av rapsolje i verda i 2019, med 3,2 millionar tonn eller rundt 76 % av den totale produksjonen eksportert.
Kina er den nest største rapsoljeprodusenten i verda, men har framleis eit underskot på olje. I 2015 produserte landet 14 millionar tonn raps, og importerte 4 millionar tonn.
Produksjonsprosessen mini|Maskin for kaldpressing av rapsolje mini|Ulike typar rapsolje, canola oil, ved Slow Food Gala 2012 i Canada. Rapsolje blir laga ved at ein varmar frøa litt og så knuser dei. Nesten all kommersiell rapsolje blir så vunne ut med heksan som løysemiddel. Dette blir så vunne ut att etter produksjonsprosessen. Til slutt blir rapsolja raffinert ved hjelp av vassutfelling og organisk syre for å fjerna gummi og frie feittsyrer, filtrering for å fjerna farge og deodorisering ved hjelp av dampdestillasjon. Av og til blir olja bleik for å gje henne ein lysare farge.
Ein kan også laga kaldpressa og expeller-pressa rapsolje i mindre skala.
Rundt 44 % av eit frø er olje, resten av frøet blir typisk brukt som fôr. Rapsolje er ein viktig ingrediens i mange matvarer. Sidan olja har namn som ei sunn matolje, er ho etterspurd over heile verda, og er den mest konsumerte planteolja etter soyaolje og palmeolje.
Olja blir også brukt til anna enn fødemiddel, og kan ofte erstatta ikkje-fornybre, petroleumsbaserte ojler i ulike produkt, som industrielle smøremiddel, biodiesel, lys, leppestift og avisblekk.
Rapsolje er rekna som eit trygt næringsmiddel for menneske. Olja har eit relativt lågt innhald av metta feitt og ein god del einumetta feitt, med ei tilhøve på rundt 2:1 til fleirumetta feitt.
Medan olje frå villraps inneheld betydelege mengder erukasyre, er dyrka kultivarar blitt avla fram til å ha innhald på under 2 %,U.S. Dept. of Health and Human Services, CFR – Code of Federal Regulations Title 21 1 April 2010. ei mengd som ikkje er rekna som helsefarleg. Det er aldri blitt påvist helseeffektar på menneske ved inntak av erukasyre, men studiar av erukasyremetabolisme i andre artar tyder på at høgt inntak kan verra skadeleg.Food Standards Australia New Zealand (June 2003) Erucic acid in food: A Toxicological Review and Risk Assessment Technical report series No. 21; Page 4 paragraph 1; , ISSN 1448-3017Luger CL et al. Food Safety and Foodborne Toxicants. Chapter 14 in Hayes' Principles and Methods of Toxicology, Sixth Edition. Eds A. Wallace Hayes, Claire L. Kruger. CRC Press, 2014 . Quote: "In humans. however. although the long-term use of Lorenzo's oil (oleic acid and erucic acid) in the treatment of adrenoleukodystrophy or adrenomyeloneuropathy leads to thrombocytopenia and lymphopenia (Unkrig et al. 1994), adverse effects from dietary consumption of erucic acid have not been reported."
Med tida har innhaldet av erukasyre i rapsolje gått ned. I Vest-Canada gjekk det gjennomsnittlege innhaldet ned frå 0,5 % mellom 1987 og 1996 til 0,01 % frå 2008 til 2015. Andre rapportar viser også eit innhald under 0,1 % i Australia og Brasil.
=Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rapeseed oil» frå , den 10. desember 2022.
Kategori:Planteoljer Kategori:Matoljer Kategori:Kålslekta Kategori:Smøremiddel