«Stripper» er ein pønkrocksong frå 2022 som vert framført av den italienske hiphoparen Achille Lauro. Songen var det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.

Om songen «Stripper» er ein italienskspråkleg pønkrocksong. Songen er skriven av eit stort låtskrivarteam beståande av Achille Lauro sjølv, i tillegg til Davide Petrella, Simon Pietro Manzari, Francesco Viscovo, Daniele Dezi, Daniele Mungai, Mattia Cutolo, Marco Lanciotti, Gregorio Calculli og Matteo Ciceroni. Ifølgje Lauro er songen er ein feministlåt som handlar om å vere seg sjølv, sjølv om andre dømmer deg.

Studioversjonen vart gjeven ut for strøyming og nedlasting 4. mars 2022.

Eurovision Song Contest «Stripper» deltok i den sanmarinske songtevlinga Una voce per San Marino som vart arrangert laurdag 19. februar 2022 i Teatro Nuovo i Dogana. Lauro vann finalen med eitt poeng og sikra seg dimed retten til å representere San Marino i Eurovision Song Contest 2022 i Torino. Songen konkurrerte i den andre semifinalen torsdag 12. mai 2022, der han vart nummer 14 av 18 bidrag. Sidan «Stripper» ikkje vart blant dei ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.

Listeplasseringar + Liste (2022) Høgasteplassering Litauen (AGATA) 83 San Marino (Radio San Marino RTV) 19

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stripper (Achille Lauro-sang)» frå , den 15. desember 2022.

Kategori:Italienske songar Kategori:Sanmarinske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2022-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar