Maren Nyland Aardahl () er ein norsk handballspelar frå Trondheim. Sidan 2021 er ho aktiv for Odense HB i Danmark. Aardahl vart verdsmeister 2021, europameister 2022, olympisk meister 2024, europameister 2024 og verdsmeister 2025 med det norske handballslandslaget. Ho er linjespelar og utmerkar seg særleg i forsvarsspelet.

Karriere Klubbspel Aardahl spelte på Byåsen IL sitt lag i den norske toppserien frå 2012 til 2019. Våren 2016 kneip laget andreplassen i serien bakom Larvik HK. Sesongane 2019/20 og 2020/21 gjorde ho teneste i høvesvis tyske BBM Bietigheim og rumenske Vâlcea. Frå sommaren 2021 vart ho aktiv i det danske topplaget Odensse HB.

Landslagsspel Aardahl fekk sin landslagsdebut 1. oktober 2021. Med Marit Frafjord ute av landslaget, fekk Aardahl ei sentral i rolle i det norske midtforsvaret jamsides Kari Brattset. Både under Handball-VM 2021 og Handball-EM bidrog ho mykje til at Noreg kunne stå att som vinnar i begge turneringane. Sameleis i 2024 under så vel Sommar-OL som i europameisterskapen. Under Handball-VM 2025 i Tyskland og Nederland danna eit solid midtforsvar saman med Ingvild Bakkerud. Ved utgangen av 2022 står Aardahl med 91 landskampar og 170 mål.

Merittar VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Maren Aardahl» frå , den 1. januar 2023.

Bakgrunnsstoff Maren Aardahl i Byåsen Håndball Landskampar

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024