Ene Ergma () er ein estisk politikar og vitskapskvinne. Ho er professor emerita i teoretisk fysikk og astrofysikk ved Universitetet i Tartu.
Liv og virke Ergma tok kandidatgraden i fysikk og matematikk ved Statsuniversitetet i Moskva i 1972 og doktorgraden i astronomi ved Insituttet for romforsking i Moskva i 1984. Ho har særleg forska på utviklinga av faste objekt, som kvite dvergar og nøytronstjerner, og på gammaglimt. Ho fekk professorstillinga si ved det dåverande Statsuniversitetet i Tartu i 1988. Ho vart seinare også instituttleiar. Ho emeriterte i 2015.
Ene Ergma er medlem av Det estiske vitskapsakademiet og Kungliga Ingenjörsvetenskapsakademien. Ho har teke imot ei lang rekkje med nasjonale og utanlandske ordenar og æresbevisninger.
Ergma var medlem av den estiske riksforsamlinga Riigikogu frå 2003 til 2015, som representant for Res Publica og seinare Isamaa. Ho var riksforsamlingspresident frå 2003 til 2006 og frå 2007 til 2014. Ergma ivra sterkt for eit estisk EU-medlemskap før folkeavrøystinga i 2003, og «kombinerte ein formidabel intelligens med ein jordnær stil som tiltala mange estlendarar», slik to utanlandske journalistar observerte det.
I 2006 var Ergma nær å samle eit kvalifisert fleirtal i Riigikogu for å bli vald til president i Estland.
Ergma har seinare representert Det estiske reformpartiet i bystyret i Tartu.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ene Ergma» frå , den 6. mars 2023.
Kategori:Estiske politikarar Kategori:Estiske professorar Kategori:Estiske astronomar Kategori:Estiske fysikarar Kategori:Astrofysikarar