Ragnhild Jepsen () er ein norsk teolog. I 2023 vart ho utnemnd til biskop i Bjørgvin bispedømme, som den første kvinna i dette embetet, 953 år etter at bispedømmet vart oppretta.

Karriere Jepsen er utdanna ved Menighetsfakultetet og vart ordinert som prest i Den norske kyrkja i 1997, i Ål kyrkje. Ho var kapellan i Åmot kyrkje i Hamar før ho kom til Nidarosdomen som kapellan i 2003. Tre år seinare vart ho sokneprest og i 2011 domprost i den same kyrkja.

Ho brukar nynorsk både som forkynnar og formidlar. Ho vaks opp i Ål i Hallingdal, og er van med å snakke og skrive nynorsk. I 2022 mottok ho Trønderlagets målpris, som den som gjorde mest for nynorsken i Trøndelag dette året. Laget grunngav tildelinga slik: «Trønderlaget grunngjev valet med at Jepsen viser gjennom både skrift og tale at nynorsk er eit språk som naturleg kan brukast i mange samanhengar.»

Jepsen er opptatt av å gjere kyrkja relevant for flest mogeleg:

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ragnhild Jepsen» frå , den 8. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske biskopar Kategori:Biskopar i den norske kyrkja Kategori:Bjørgvin bispedømme