Ine Marie Wilmann () er ein norsk skodespelar.Profil hos Trøndelag Teater
Karriere Wilmann gjekk ut av Teaterhøgskolen (KHiO) våren 2011, etter eit fireårig studium. Ho debuterte som skodespelar ved Teatret Vårt i Molde i rolla som Elis i stykket Blindpassasjer hausten 2011. Etter dette var ho med på Riksteatret sin turné med Anna Karenina våren 2012, i rolla som Kitty. Etter dette var ho med i Riksteatret si framsyning Fruen fra havet i rolla som Hilde. Vinteren 2013 var Wilmann å sjå i rolla som Aricia i stykket Fedra, basert på verket av Jean Racine. Hausten 2013 spela Wilmann rolla som Anne Frank i oppsetjinga Anne Franks dagbok på Den Nationale Scene i Bergen.
Wilmann hadde TV-debuten sin i NRK-serien Ansur. Ho har også spela rolla som Hege i Størst av alt, ein norsk dramaserie på seks episodar som gjekk på NRK1 vinteren 2007. I 2011 spela Wilmann rolla som Liv Tone i spelefilmen Jeg reiser alene, i trilogien om Jarle Klepp, basert på bøkene til Tore Renberg.
Prisar og utmerkingar For rolla si i spelefilmen De nærmeste vann Wilmann Amandaprisen i 2015 i klassen beste kvinnelege skodespelar og Kanonprisen 2015 i klassen beste kvinnelege hovudrolle. Ho vann Gullruten 2016 i klassen beste kvinnelege skodespelar for Det tredje øyet og vart nominert til Amandaprisen 2019 og Kanonprisen 2018 i klassen beste kvinnelege skodespelar for Sonja.
Filmografi Film Kalde føtter (2006) Reprise (2006) Jeg reiser alene (2011) Flink pike (2014) De nærmeste (2015) Erica (2016) Ingenting tar noensinne slutt (2016) Sonja (2018) Blodtur (2020–) Dianas bryllup (2020) Krigsseileren (2022) Troll (2022)
Seriar Størst av alt (2007) Det tredje øyet (2014–2016) ZombieLars (2017–) Exit (2019–2023) Furia (2021)
Litteratur Sonja Henie, Gyldendal (2019) ISBN 978-82-05-52279-4
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ine Marie Wilmann» frå , den 10. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Ine Marie Wilmann hos Nationaltheatret Ine Marie Wilmann hos Trøndelag Teater Ine Marie Wilmann hos Gyldendal Forlag Ine Marie Willmann på Internet Movie Database Ine Marie Willmann på The Movie Database
Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Skodespelarar ved Riksteatret Kategori:Skodespelarar ved Den Nationale Scene Kategori:Skodespelarar ved Trøndelag Teater Kategori:Vinnarar av Amandaprisen Kategori:Vinnarar av Gullruten Kategori:Vinnarar av Kanonprisen