Ann-Mari Andersen () er ein norsk samisk songar og musikar frå Kautokeino. Ho har fleire albumutgjevingar bak seg og syng i ei rekkje sjangrar – alt frå salmesong til techno-pop. I 2008 deltok ho i Melodi Grand Prix 2008 med låten «Ándagassii» – den fyrste samiskspråklege songen i tevlinga på 28 år, etter «Sámiid ædnan» i 1980.

Liv og virke Bakgrunn Ann-Mari Andersen er fødd og oppvaksen i Kautokeino i Finnmark. Andersen var ni år då ho byrja å spele gitar, og ho byrja også etter kvart å traktere piano, men gitaren vart verande som hovudinstrumentet. Seinare har ho like gjerne opptredd åleine med gitaren sin som med fullt band.

Musikkarriere Andersen har vore gjennom mange musikkstilar og -sjangrar i løpet av karrieren. I ungdomsåra var ho engasjert i alt frå barnekor og ungdomskor, til gospelkor og rockeband. Andersen spelar ei blanding av moderne pop kombinert med ethno- og world music, og ho syng både på samisk og engelsk.

I 1993 deltok Andersen i Sámi Grand Prix i Kautokeino med songen «Ráhkisvuohta seamma lea», og vann. Sigeren gav ho motivasjon til å jobbe vidare med musikk. I år 2000 var Andersen engasjert ein periode ved det samiske nasjonalteateret, Beaivváš Sámi Teáhter. Teateret sette opp ein musikalsk kabaret med den kjende regissøren Nils Gaup som vegvisar. Med kabareten følgde det framsyningar og turné både i Noreg og Finland.

Andersen vart kjend for eit større publikum i 2008, då ho deltok i Melodi Grand Prix med songen «Ándagassii» (norsk omsetjing 'tilgjeving'). Ho vann delfinalen i Stavanger og nådde finalen i Oslo Spektrum. Songen var den fyrste samiske songen i Melodi Grand Prix på 28 år.

Andersen har gjeve ut tre album: Ija hearva (2003), produsert av Svein Schultz, som blant anna fekk terningkast 5 i Dagbladet; Ándagassi (2009), produsert av Stein Austrud, som inneheld både tittellåten «Ándagassii» og songen «Du lahka», som klatra til andreplass på Norsktoppen sommaren 2007.

I 2011 gav Andersen ut albumet Hosianna!, som inneheld både nye og gamle salmar og andre åndelege songar. Alle utgjevingane er gjevne ut av plateselskapet til Andersen, Guldal Rec.

Diskografi 2003: Ija hearva (album) 2005: Juovlaráfi (EP) 2007: Du lahka (singel) 2009: Ándagassii (album) 2011: Hosianna! (album) 2019: Buorit juovllat (album)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ann-Mari Andersen» frå , den 12. mars 2023.

Bakgrunnsstoff Ann-Mari Andersen på Apple Music Ann-Mari Andersen på Discogs Ann-Mari Andersen på All Music Blogg Plateselskapet Guldal Rec Kort presentasjon Melodi Grand Prix-artist 2008

Kategori:Samiske musikarar Kategori:Norske musikarar Kategori:Vinnarar av Sámi Grand Prix Kategori:Melodi Grand Prix 2008-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2008-låtskrivarar Kategori:Folk frå Kautokeino