Joanna Deborah Bussinger (), kjend under artistnamnet Debrah Scarlett, er ein norsk-sveitsisk songar og musikar.
Liv og virke Bakgrunn Scarlett vaks opp i Sveits og Noreg. Frå ho var seks til ho var ti år gammal budde ho med familien sin i Hakadal i Nittedal.
Etter å ha flytta tilbake til Sveits reiste Scarlett mykje fram og tilbake mellom Sveits og Noreg. I 2013 deltok ho i The Voice – Norges beste stemme på norske TV 2, der ho kom til semifinalen. Hausten 2014 flytta ho tilbake til Noreg for godt for å kunne starte ein musikkarriere der, og i 2015 vann ho saman med Kjetil Mørland Melodi Grand Prix med låten «A Monster Like Me».
Karriere
Hausten 2013 deltok Scarlett i det norske talentprogrammet The Voice – Norges beste stemme, der ho prøvesong med låten «Make You Feel My Love». Scarlett ble med på laget til Sondre Lerche og kom til semifinalen. I løpet av sangkonkurransen covra ho Florence and the Machine, Rihanna, Sonny Bono og The Black Keys. Ho har seinare omtala deltakinga i programmet som ein «døropnar». «The Voice fikk i gang karrieren min og ble en døråpner. Etter det har jeg jobbet mye med musikken, og jeg har blitt eldre og mer selvsikker.»
Hausten 2014 flytta Scarlett tilbake til Noreg, der ho mottok ein førespurnad frå artisten Kjetil Mørland om å bidra på ein song til Melodi Grand Prix. Scarlett takka ja til tilbodet etter å ha lese songteksta. Mørland ønskte ho som partner etter å ha sett ho i The Voice. Songen heitte «A Monster Like Me» og vann Melodi Grand Prix i 2015 med røyster. Songen vart dimed det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2015. Songen handlar om å konfrontere noko uoppgjort frå fortida og å måtte gje slepp på den man elskar. Både Adressa og Dagbladet roste stemma hennar og samanlikna Scarlett med den britiske songerinna Adele. Songen gjekk vidare frå semifinalen 21. mai og var finalist nr. 9 i finalen 23. mai. Debrah Scarlett og Mørland enda på 8.-plass i den internasjonale finalen med 102 poeng.
5. august 2015 deltok Scarlet i NRK-programmet Sommeråpent der ho framførte «Always On My Mind» med Mørland. Ho deltok også i musikkprogrammet Beat for beat 4. desember 2015. Ho framførte «A Monster Like Me» saman med Mørland i Melodi Grand Prix 2016.
Scarlett gav ut debutsingelen som soloartist, «To Figure», 26. februar 2016.Innlegg på Facebook 12. februar 2016. «Hey guys, two weeks from today my very first single drops.» Den er komponert og skriven av Scarlett og vart gjeven ut utan platekontrakt. Låten var ei blanding av fleire stilartar, og Scarlett ville ikkje vere «sjangerbunden». Den sveitsiske nettsida Blick.ch kalla låten «ein sterk ballade med djupn og mykje hjarte». EP-en DYS(U)TOPIA vart gjeven ut 17. mars 2017 med singelen «Cynical Youth». Nico Schmied og Gregor Brändli regisserte musikkvideoen til singelen.
Diskografi EP-ar Tittel Informasjon DYS(U)TOPIA Utgjeven 17. mars 2017 Plateselskap: Radicalis Phase I:XI Utgjeven: 9. oktober 2020 Plateselskap: Decca Format: Digital nedlasting
Singlar År Tittel Topplassering Album 2015 «A Monster Like Me» (med Mørland) 23 17 92 45 Make a Sail (Mørland) 2016 «To Figure» – – – – 2017 «Cynical Youth» – – – – DYS(U)TOPIA 2020 «Dogma» — — — — Phase I:XI «Slow Down» — — — — «Medusa» — — — — «Dreamer» — — — —
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Debrah Scarlett» frå , den 13. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Debrah Scarlett hos Internet Movie Database Debrah Scarlett hos Discogs Debrah Scarlett hos MusicBrainz
Kategori:Norske songarar Kategori:Sveitsiske songarar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Melodi Grand Prix 2015-deltakarar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2015-deltakarar Kategori:Folk frå Nittedal Kategori:Folk frå Basel