Marian Abdi Hussein () er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti (SV) og stortingsrepresentant for Oslo sidan 2021. Sidan 18. mars 2023 har ho vore nestleiar i SV.
Liv og virke Bakgrunn Hussein vart fødd i Somalia og kom til Noreg då ho var ti år gamal. Ho har arbeidd som vernepleiar, i NAV og barnevernstenesta.
Politisk karriere I perioden mellom 2017 og 2021 var Hussein 3. vararepresentant for SV i Oslo til Stortinget. Før det, var ho medlem av bydelsutvalet i bydel Gamle Oslo frå 2015 til 2019. Ved Stortingsvalet 2021 var ho på 2. plass på lista til SV i Oslo, og fekk fast plass på Stortinget. Ho vart dimed den fyrste personen med bakgrunn frå Somalia som kom inn som fast representant i nasjonalforsamlinga, og samstundes den fyrste med afrikansk bakgrunn som oppnådde dette.
Den 18. mars 2023 vart ho vald inn som nestleiar i SV.
Stortingskomitéar 2021–2025: Medlem av Helse- og omsorgskomiteen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Marian Hussein» frå , den 18. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:SV-politikarar i Oslo Kategori:Nordmenn av somalisk opphav