Ottilie Margrethe Bie () var ein norsk politikar og kvinnesaksaktivist. Ho var ei av dei fyrste kvinnelege bystyrerepresentantane i Drammen.

Familie Ottilie Bie var dotter av handelsmann og konsul Ferdinand Reinhardt (1836–1908) og Andrea Henriette Marie Bessesen (1839–1901), ei dotter av presten Bernt Tobias Bessesen. Bie vart 24. mai 1887 gift i fødebyen Kristiansand med stadsfysikus Christen Helmer Bie (1859–1943) og flytta same år til Drammen."Norway Marriages, 1660-1926", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N71S-7ZB : 25 January 2020), null in entry for null, 1887. Dei var foreldre til friidrettsutøvaren Ferdinand Reinhardt Bie (1888–1961).

Liv og virke Ved kommunestyrevalet i 1901 vart Bie saman med Trine Dietrichs vald inn i kommunestyret i Drammen. Dei var dei fyrste kvinnene til å verte valde inn som representantar der. Ho representerte partiet Høgre, og møtte i bystyret i tre periodar frå 1902 til 1910. Den siste perioden sat ho også i formannskapet i kommunen.

Ottilie Bies vei i Drammen er kalla opp etter ho.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ottilie Bie» frå , den 21. mars 2023.

Bakgrunnsstoff

Lokalhistoriewiki: Othilie Bie, besøkt 4/2 2020.

Kategori:Norske politikarar Kategori:Norske kvinnesaksfolk Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Medlemmar av Norsk Kvinnesaksforening