Elizabeth MacKintosh () var ein skotsk forfattar som brukte pseudonymet Josephine Tey som krimforfattar og Gordon Daviot som dramatikar.
Romanen hennar The Daughter of Time er ei detektivforteljing som tek for seg rolla til Rikard III av England i døden til prinsane i tårnet, og er blitt utropt til den største krimromanen nokon sinne av Crime Writers' Association. Det fyrste skodespelet hennar, Richard of Bordeaux, hadde John Gielgud i hovudrolla i ei suksessrik oppsetjing i West End i London.
Liv og virke Bakgrunn MacKintosh blei fødd i Inverness som den eldste av dei tre døtrene til frukthandlaren Colin MacKintosh og Josephine, fødd Horne. Ho var elev ved Inverness Royal Academy og så, i 1914, Anstey Physical Training College i Erdington utanfor Birmingham. Ho underviste i kroppsøving ved ulike skular i England og Skottland, og arbeidde i feriane ved ein pleieheim i Inverness som frivillig sjukepleiar (Voluntary Aid Detachment). Ho hadde eit ungdommeleg forhold til ein ung mann som døydde som soldat under slaget ved Somme i fyrste verdskrigen.Fraser, Antonia Introduction s. vii, 2001 Folio Society edition The Franchise Affair I 1923 vende ho heim til Inverness permanent for å stella for den invalide mor si, og heldt fram med å bu der etter at mora døydde for å halda hus for faren.
Det var medan ho stelte for faren at Tey byrja karrieren som forfattar.Butler, Pamela J. "The Mystery of Josephine Tey" , Richard III Society, American Branch Ho fekk gjeve ut sitt fyrste verk i The Westminster Gazette i 1925, under pseudonymet Gordon Daviot. Ho fortsette å gje ut dikt og forteljingar The Westminster Review, The Glasgow Herald og Literary Review.
Forfattarskap Den fyrste romanen hennar, Kif: An Unvarnished History, blei godt motteken med gode meldingar, sal i USA og blei nemnd på The Observer si liste Books of the Week. Verket var inspirert av ei gruppe frå 4th Cameron Highlanders, ein skotsk reservebataljon stasjonert ved Inverness før den fyrste verdskrigen som hadde ei viktig rolle i bylivet, og var eit tidleg teikn på Tey si interesse for militære emne. Tre månader seinare blei den fyrste krimromanen hennar, The Man in the Queue, gjeven ut av Benn, Methuen. Denne vann Dutton Mystery Prize då han kom ut i USA. I romanen opptrer detektiven Inspector Alan Grant for fyrste gong. Det gjekk nokre år før ho skreiv ein ny krimroman.
Den verkelege ambisjonen til MacKintosh hadde vore å skriva eit skodespel som skulle setjast opp ved West End i London. Stykket hennar Richard of Bordeaux blei sett opp i 1932 ved Arts Theatre, under Daviot-pseudonymet. Det hadde så mykje suksess at det blei overført til New Theatre (no Noël Coward Theatre) i 1933, der det blei spelt i eitt år. Oppsetjinga skapte eit namn for den unge hovudrolleinnehavaren og regissøren, John Gielgud, som blei ein livslang venn av MacKintosh. Ho nemnde stykket i ei bok om Inspector Alan Grant: «he had in his youth seen Richard of Bordeaux; four times he had seen it.»Tey, Josephine. The Daughter of Time. Simon & Schuster, 1995, s. 47. MacKintosh sa ho var blitt inspirert av Gielgud si tolking av Hamlet og av militærtilstellinga Royal Tournament. Ho fekk endå to skodespel sett opp ved New Theatre, The Laughing Woman (1934) og Queen of Scots (1934, skrive i samarbeid med Gielgud).
Ho skreiv kring eit dusin einaktarstykke og eit dusin til fleiraktarstykke, mange med bibelske eller historiske emne, under namnet Gordon Daviot. Ingen av desse hadde same suksess som det fyrste. Berre fire av stykka blei sette opp i levetida hennar. Det er ikkje kjent kvifor ho valde namnet Gordon, men Daviot var namnet på ein scenisk stad nær Inverness der ho hadde hatt fleire fine ferieopphald med familien.
Hennar einaste sakprosabok, Claverhouse, blei skriven som eit forsvar for John Graham, 1. viscount Dundee, som ho meinte hadde fått eit urettvist ettermæle: «It is strange that a man whose life was so simple in pattern and so forthright in spirit should have become a peg for every legend, bloody or brave, that belonged to his time.»
Dei best kjende bøkene til MacKintosh blei skrivne under namnet Josephine Tey, som var namnet til tippoldemora hennar frå Suffolk. Ho skreiv alle krimbøkene sine, bortsett frå den fyrste, under dette namnet.
I fem av krimbøkene hennar er helten Inspector Alan Grant frå Scotland Yard. Han har også ei birolle i ei sjette bok, The Franchise Affair. Den best kjende av desse bøkene er The Daughter of Time, der Grant, som er lagt inn på sjukehuset, får hjelp av vennar til å finna bøker og dokument slik at han kan løysa spørsmålet om kong Rikard III av England drap nevøane sine, kjende som Princes in the Tower. Grant konkluderer med at kong Rikard var heilt uskuldig i dødsfalla.
The Franchise Affair har også ein historisk kontekst: sjølv om handlinga går føre seg på 1940-talet, byggjer ho på saka om Elizabeth Canning frå 1700-talet. The Daughter of Time var den siste boka av Tey som blei gjeven ut i levetida hennar. Det siste verket hennar, kriminalromanen The Singing Sands, blei funne blant papira hennar og gjeve ut posthumt.
Død Tey var ein svært privat person, og unngjekk publisitet heile livet. Det siste året sitt, då ho visste ho var dødssjuk, unngjekk ho også alle vennane sine. Dei fleste av vennane hennar, mellom dei Gielgud, visste ikkje ein gong at ho var sjuk. Det nest siste verket hennar, The Privateer (1952), var ein romantisk roman som bygde på livet til kaperen Henry Morgan. Ho døydde av leverkreft i heimen til syster si Mary i London den 13. februar 1952. Nekrologen hennar i The Times var oppført under det verkelege namnet hennar: «Miss E. Mackintosh Author of 'Richard of Bordeaux'».
Inntektene frå eigedommen til Tey blei gjevne til National Trust.
Verk
Romanar
Inspector Alan Grant Alle som Gordon Daviot om ikkje anna er nemnt.
The Man in the Queue (også gjeve ut som Killer in the Crowd) (1929) [som Gordon Daviot]. Serialisert i Dundee Evening Telegraph, 12. august til 24. september 1930.«About the Author» i Tey, Josephine, The Man in the Queue. Scribner Paperback Fiction, 1995, s. 255. A Shilling for Candles (1936)«About the Author» i Tey, Josephine, The Daughter of Time. Touchstone, 1995, s. 207. (grunnlaget for Hitchcock sin film Young and Innocent frå 1937) The Franchise Affair (1948) (filmatisert i 1950 med Michael Denison og Dulcie Gray i hovudrollene) To Love and Be Wise (1950) The Daughter of Time (1951) The Singing Sands (1952)
Frittståande krimromanar
Miss Pym Disposes (1946) Brat Farrar (eller Come and Kill Me) (1949)
Andre romanar Alle som Gordon Daviot
Kif: An Unvarnished History (1929) The Expensive Halo: A Fable without Moral (1931) The Privateer (1952)
Biografiar
Claverhouse (1937) [som Gordon Daviot]
Skodespel Alle som Gordon Daviot
Richard of Bordeaux (Uroppføring ved Arts Theatre Club, London, 1932) The Laughing Woman (New Theatre, London, 1934) Queen of Scots (New Theatre, Aberdeen, 1934) The Stars Bow Down (Gjeve ut 1939. Uroppføring ved Chatham House School, 1949) Kirk o'Field (Uroppføring ved Theatre Royal, Glasgow, 1940) Cornelia (Uroppføring ved Glasgow Citizens' Theatre, 1946) [som F. Craigie Howe].Henderson, s. 240-46. Oppført att i 1963 med Gordon Daviot som forfattarThe Stage, 25. april 1963, s. 14 The Little Dry Thorn (Uroppføring ved Glasgow Citizens' Theatre, 1946) Leith Sands (Gjeve ut 1946) Rahab (Gjeve ut 1946. Uroppføring ved Scottish Community Drama Association, 1947) The Mother of Masé (Gjeve ut 1946) Sara (Published, 1946) Mrs Fry has a Visitor (Gjeve ut 1946) Three Mrs Madderleys (Gjeve ut 1946) Clarion Call (Published, 1946. Uroppføring ved Rugeley Town Hall, 31. juli 1947) Remember Cæsar (Gjeve ut 1946) Valerius (Uroppføring ved Saville Theatre, London, 1948) Barnharrow (Uroppføring ved Stirling Dramatic Club, 1949,The Scotsman, 8. februar 1949 einaktar) The Balwhinnie Bomb (1949) Dickon (Uroppføring ved Salisbury Playhouse, 1955) – eit sympatisk portrett av Rikard III
Høyrespel Alle som Gordon Daviot
The Laughing Woman (kortversjon). BBC Home Service, 1. desember 1940 Leith Sands. BBC Home Service, 13. desember 1941 Queen of Scots (Adapted by the author). BBC Home Service, 6. desember 1942 The Three Mrs Madderleys. BBC Home Service, 14. juni 1944 Mrs Fry Has a Visitor. BBC Home Service, 6. desember 1944 Three Women. (Three playlets). BBC Home Service, 10. juni 1945 Remember Caesar. BBC Home Service, 4. januar 1946 The Stars Bow Down. BBC Home Service, 13. november 1948 The Pen of My Aunt. BBC Home Service, 15. februar 1950 The Pomp of Mrs Pomfret. BBC Home Service, 23. oktober 1954
Fjernsynskodespel Alle som Gordon Daviot
Sweet Coz.. BBC Television, 4. januar 1955 Lady Charing Is Cross. BBC Television, 8. januar 1955 The Staff Room. BBC Television, 1. mai 1956 Barnharrow. BBC Television, 1. mai 1956
Noveller Alle som Gordon Daviot
Pat at Seven. Westminster Gazette, 24. juli 1926 Janet. Westminster Gazette, 2. oktober 1926 Atalanta. Westminster Gazette, 9. mars 1927 Pat Wears His Second Best Kilt. Westminster Gazette, 17. desember 1927
Dikt Alle som Gordon Daviot
A Song of Racing. Westminster Gazette, 16. april 1927 Exile. Westminster Gazette, 7. mai 1927 Deadlock. Westminster Gazette, 21. mai 1927 A Song of Stations. Westminster Gazette, 4. juni 1927 Roads. Westminster Gazette, 20. august 1927 In Memoriam HPFM. Westminster Gazette, 10. september 1927 Dyspepsia. Westminster Gazette, 15. oktober 1927 Reasons. Westminster Gazette, 24. desember 1927 When I Am Old. Westminster Gazette, 7. januar 1928
Kort sakprosa
Tossing the Caber. Westminster Gazette, 10. september 1927
Dramatiseringar for radio og fjernsyn
The Man in the Queue: sendt i 1955, tilverka av H.B. Fortuin A Shilling For Candles: sendt i 1954, 1963 og 1969, tilverka av Rex Rienits; in 1998, adapted by John Fletcher Miss Pym Disposes: sendt i 1952, tilverka av Jonquil Antony; og 1987, tilverka av Elizabeth Proud The Franchise Affair: sendt i 1952, 1970 og 2005 The Franchise Affair: sendt på fjernsyn i 1958 (Robert Hall), som seriar i 1962 (Constance Cox) og 1988 (James Andrew Hall) Brat Farrar: sendt i 1954, 1959 og 1980, tilverka av Cyril Wentzel Brat Farrar: sendt på fjernsyn 1986, tilverka av James Andrew Hall The Daughter of Time: sendt i 1952 (ingen skriptforfattar oppgjeven) og 1982 (Neville Teller) The Singing Sands: sendt i 1956 (Bertram Parnaby); sendt på fjernsyn i 1969 (James MacTaggart)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Josephine Tey» frå , den 4. april 2023.
Kategori:Skotske forfattarar Kategori:Britiske krimforfattarar Kategori:Folk frå Inverness Kategori:Døde av leverkreft