The Sisters of Charity of Montreal, tidlegare kalla The Sisters of Charity of the Hôpital Général of Montreal og vanlegvis kjent som Grey Nuns of Montreal, er eit religiøst institutt i Canada danna av katolske religiøse systrer. Det blei skipa i 1737 av Marguerite d'Youville, som var ei ung enke.

Historie mini|Grey Nuns Convent i Montreal (cirka 1880). Kyrkjesamfunnet blei skipa av Marguerite d'Youville og tre venner som danna ei religiøs gruppe for å ta vare på fattige. Dei leigde eit lite hus i Montreal den 30. oktober 1738, og tok inn eit lite tal utfattige personar. Den 3. juni 1753 fekk gruppa kongeleg godkjenning, og fekk også overført rettane og privilegia gjevne i 1694 til Frères Hospitaliers de la Croix et de Saint-Joseph, kjend etter grunnleggjaren sin, Frères Charon. Dei tok også over arbeidet til dei bankerotte Frères Charon ved Hôpital Général de Montréal utanfor bymuren.

I 1755 pleia systrene folk som var sjuke under ein kopparepidemi. Nokre av dei dei hjelpte var First Nations-folk i Oka, som seinare var nokre av dei som hjelpte til med å byggja opp att sjukehuset etter ein brann i 1765.

Etter 1840 voks ordenen raskt, og i løpet av dei neste 100 åra blei han ein viktig bidragsytar innan helse- og sosiale tenester i Quebec og i Vest- og Nord-Canada, og i nordlege USA. I 1855 blei systrene kalla til Toledo i Ohio for å sjå etter dei mange som leid av kolera der.

St. Joseph Hospital blei skipa fi 1906 i Nashua av St. Louis de Gonzague sokn, hovudsakleg for fransk-kanadiarar i området. Sisters of Charity of Montreal byrja arbeida der i 1907. Sjukehuset blei innvig 1. mai 1908. Nonnene grunnla også ein sjukepleiarskule. I 1938 overførte soknet eigarskapen til ordenen.

I 1983 grunnla Sisters of Charity of Montreal eit katolsk regionalt helsesystem, Covenant Health Systems, som ikkje var profitt, for å driva helsetenester, sosiale tenester og pleie for eldre i heile New England. I 1996 blei støtta for St. Joseph Hospital i Nashua overført frå Grey Nuns til Covenant Health Systems.

Deltaking i kostskulesystemet Nonnene var både sjukepleiar og lærarar i kostskulesystemet for urfolk, Indian Residential Schools, som dei føretrekte misjonærpartnarane til Oblatfedrane, som ikkje hadde løyve til å undervisa jenter. Oblatfedrane betalte foreldre for å la ungane deira dra til kostskulane. På skulane bidrog dei til prosjektet med å fjerna barna frå det tradisjonelle levesettet deira slik at dei kunne bli «siviliserte».

Elevar ved skulane var utsette for fysisk og seksuell mishandling, matmangel og blei nekta å snakka morsmåla sine eller følgja kulturelle skikkar. Truth and Reconciliation Commission blei seinare oppretta for å dokumentera mishandlinga som gjekk føre seg på desse skulane.

Nonnene arbeidde på ein av dei mest illgjetne skulane, St. Anne's Indian Residential School i Fort Albany i Ontario. To systrer er blitt dømde for overgrep på denne skulen. Nonnen arbeidde også på Holy Angels Residential School i Fort Chipewyan, der Mikisew Cree First Nation, Athabasca Chipewyan First Nation og Fort Chipewyan-métisar hyra arkeologar for å leita etter umerka graver tidlegare elevar hadde fortalt om.

Andre kostskule systrene arbeidde på var mellom anna Île-à-la-Crosse Residential School, Lac la Biche (Notre Dame des Victoires) Residential School, St. Albert (Youville) Residential School, Qu'Appelle Indian Residential School, St. Boniface Residential School, Assiniboia Indian Residential School, Shubenacadie Indian Residential School, Fort Providence Residential School, Blue Quills Residential School, internatet ved Fort Smith, Fort Resolution Indian Residential School, og Chesterfield Inlet (Turquetil Hall) Residential School.

Både Sisters of Charity og Oblatfedrane har klaga på skildringa av handlingane deira under IRSSA-prosessen, med utsegner om at dei meinte mange elevar hadde positive opplevingar og at nokre av medlemmane deira var blitt uskuldig skulda for brotsverk.

Nyare tid I 2008 var det ulike greiner av Sisters of Charity i Canada, USA, Colombia, Brasil, Japan, Haiti, Den sentralafrikanske republikken, Sør-Afrika, Papua Ny-Guinea, Paraguay, Argentina, Uruguay, Bahamas og Den dominikanske republikken.

Ordenen dreiv tidlegare fleire større sjukehus i Canada; mange av desse er seinare tekne over anten av større kyrkjeorganisasjonar eller av staten. Grey Nuns' Hospital-bygningen frå 1765 i Montreal blei utnemnd til National Historic Site of Canada i 1973. I 2011 blei også Grey Nuns Motherhouse, det tidlegare moderhuset til ordenen i Montreal som no er del av Concordia University, utnemnd til National Historic Site.

Nonnene driv no fleire krisesenter for kvinner utsette for partnarvald (med og utan barn), senter for kvinner i naud, klede- og matusentralar, senter for funksjonshemma og nokre helsesenter. St. Boniface General Hospital i Winnipeg tilhøyrer framleis ordenen.

I 1993 var det estimet at det var like under 3000 Sisters of Charity i Canada, hovudsakleg i Quebec og Ontario."Grey Nuns", Canadian Encyclopedia Retrieved 26 August 2008. I 2014 var det rundt 136 systrer i Montreal-gruppa, med ein gjennomsnittalder kring 85. Gruppa i Quebec har ikkje rekrutter nye medlemmar sidan før 2000. Dei flytta ut av den opphavlege moderbygningen sin i Montreal i 2013.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grey Nuns» frå , den 21. april 2023.

Kategori:Historia til Montreal Kategori:Kanadisk historie