Arlington er eit fylke (county) i delstaten Virginia i USA, men vert ofte referert til som by. Arlington ligg ved elva Potomac, tvers overfor Washington, D.C., og har i kring 239 000 ibuarar (2020). Området fekk namnet Arlington County i 1920.

Den nasjonale Æresgravlunden i Arlington (Arlington National Cemetery), med nær 400 000 graver, ligg mindre enn ein kilometer nord om The Pentagon. Der er fleire minnesmerke, mellom dei Den ukjende soldats grav og Minnesmerket over dei falne i andre verdskrigen.

Forsvarsdepartementet i USA vert styrt frå bygningen The Pentagon, få hundre meter vest om Potomac. Staden huser også hovudkvartera til Defense Advanced Research Projects Agency (DARPA) og føretaka Boeing, Raytheon Technologies og den amerikanske greina til BAE Systems.

Ronald Reagan Washington National Airport ligg i Arlington County.

Høgare utdanningsintitusjonar i Arlington er Marymount University, fleire campusar og forskingsprogram frå George Mason University – Antonin Scalia Law School, Schar School of Policy and Government og Jimmy and Rosalynn Carter School for Peace and Conflict Resolution, i tillegg til utdanningssenter for University of Virginia og Virginia Tech.

Historie

Kolonitida Området som no utgjer Arlington County var del av Fairfax County i den britiske kolonien Virginia. Den britiske monarken gav landeigedommar i bytta mot politisk støtte og forsøk på utvikling av kolonien. Ein av dei han løyvde land til var Thomas Fairfax, som både Fairfax County og byen Fairfax har namn etter. Fylkesnamnet «Arlington» stammar frå Henry Bennet, earlen av Arlington, ein plantasje langs Potomacelva og Arlington House, familiehuset på denne eigedommen. George Washington Parke Custis, barnebarnet til fyrstedama Martha Washington, arva denne eigedommen i 1802. Seinare tilfall han Mary Anna Custis Lee, kona til general Robert E. Lee.

Hovudstadsområde mini|venstre|portrett|Kart over det kvadratiske District of Columbia frå 1835.

Området høyrde fyrst til det føderale området som blei oppretta for å husa den nye hovudstaden i USA, District of Columbia (D.C.). Dette kvadratiske distriktet med sider på blei i perioden 1791–92 merka med grensesteinar kvar mile av Andrew Ellicott og fleire assistentar. Fjorten av desse steinane var i Virginia, og mange av dei står framleis.

Arlington-området blei gjeve tilbake til Virginia i 1847, som del av Alexandria County. I 1870 blei Alexandria City skild ut frå resten av fylket, og i 1920 blei fylket døypt om til Arlington County.

2000-talet 11. september 2001 flaug eit kapra fly inn i Pentagon. 189 menneske døydde etter flystyrten, både folk som arbeidde ved Pentagon og alle som var ombord i flyet, medrekna dei fem kaprarane. 11. september 2008 blei det opna eit minnesmerke for dei 184 offera like ved staden der flyet gjekk ned.

Kjende folk Nokre kjende personar tilknytte Arlington er generalane Robert E. Lee og George S. Patton, astronauten John Glenn, visepresidenten Al Gore, musikarane Jim Morrison og Roberta Flack og skodespelarane Warren Beatty, Shirley MacLaine og Sandra Bullock.

mini|Rosslyn i Arlington County

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Arlington County, Virginia» frå , den 24. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:County i Virginia Kategori:Byar i Virginia