Topeka er hovudstad i delstaten Kansas i USA og har i kring 126 500 ibuarar. Byen, som ligg nordaust i delstaten ved Kansas-elva og 98 km vest om Kansas City, er eit administrasjons- og handelssenter. Topeka er fylkessete i Shawnee County. Meir enn 76 prosent av befolkninga er kvit og nær 12 prosent er afroamerikansk.

Delstaten Kansas sysselset om lag kvar femte arbeidstakar. Over 22 prosent er tilsett i undervisings-, helse- og sosialtenestene, og kringom 10 prosent i offentleg administrasjon. Kring ein tidel av dei yrkesaktive arbeider med detaljhandel og like mange er sysselsett i framstilling av industrivarer. Mange arbeider innom transport og finans-næringane.

Delstatsforsamlinga, som vart bygt i tida 1866-1903, har same form som Capitol-bygningen i Washington, D.C.

Namn «Topeka» er eit kansa-osage-ord som tyders ‘stad der me grev opp poteter’,Burn, Louis F. (1989) "A history of the Osage people", p. 579. Ciga Press, CA. eller ‘ein god stad å grava opp poteter’.

Som stadnamn er «Topeka» fyrst dokumentert i 1826 som kansanamnet på elva som no vert kalla Kansas River. Grunnleggjarane av Topeka valde namnet i 1855 fordi det var nytt, av urfolksopphav og klang godt.King, Dick (20 Nov. 2005). [http://findarticles.com/p/articles/mi_qn4179/is_20051120/ai_n15870227 «Topeka' rooted in spuds». Topeka Capital-Journal Joseph James eller Jojim, ein lokal mann av delvis kansaopphav, har fått æra for å ha føreslått namnet.Connelley, William E. "Origin of the Name of Topeka". Collections of the Kansas State Historical Society, Vol. 27, pp. 589–593

Soge mini|Illustrasjonav Topeka frå 1869.

Topeka låg på ein stad der vogntog som drog vest frå Independence i Missouri, i ei rute kjend som Oregon Trail, kunne kryssa Kansaselva med ei ferje på 1840- og 1850-talet. Trafikken auka på 1850-talet då ein ny militærveg mellom Fort Leavenworth og Fort Riley vart lagt gjennom staden.

Topeka vart grunnlagt i 1854 av slaverimotstandarar frå Lawrence i Kansas. To år seinare vart byen hovudstad i Kansas-territoriet, og frå 1861 hovudstad i den nyoppretta delstaten Kansas. Byen var ein bastion for slaverimotstandarane i Kansas-territoriet, som hadde fleire konflikt mellom abolisjonistar og nybyggjarar som støtta slaveriet, og som hadde makta i den dåverande hovudstaden Lecompton. Då sørlege styrkar marsjerte mot Topeka i 1856, blei det skipa ein milits og reist barrikadar på Quincy Street. Desse blei patruljerte av militsen til minst september 1856, då omleiringa av byen enda.Maj. Brian A. Riniker, “How United States Army Leaders at Fort Leavenworth Performed Peacekeeping Operations in Territorial Kansas” (MMAS thesis, U.S. Army Command and Staff College, Fort Leavenworth, Kans., 2007), pp. 74-5.James L. King, ed., Church history of Shawnee County, Kansas, and Representative Citizens (Chicago: Richmond & Arnold Publishers, 1905), online at http://history.rays-place.com/ks/sh-church.htm .

Atchison, Topeka and Santa Fe Railway opna i 1859, og gjennom fleire tiår var Topeka sentral i bygginga av jarnbaner. Det kom også dampbåtar til Topeka med kjøt, mjøl og tømmer som drog tilbake austover med poteter, mais og kveite.

I 1966 vart byen råka av ein kraftig tornado som øydela fleire historiske bygningar. Då den militære flybasen Forbes vart lagt ned i 1974, sokk folketalet med over 10 000.

Merknadar

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Topeka, Kansas» frå , den 27. april 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Kansas Kategori:Busetnader grunnlagde i 1854