«Killer on the Loose» er ein song av det irske rockebandet Thin Lizzy som vart gjeven ut på singel i september 1980. Han var skriven av Phil Lynott, og er frå albumet deira Chinatown frå 1980. Songen vart ein hit og nådde tiandeplassen på UK Singles Chart, og femteplassen på Irish Singles Chart.

Kontrovers Songen, der Lynott tok rolla som Jack the Ripper, vart svært kontroversiell. Singelen vart gitt ut midt under Yorkshire Ripper-morda, og mange medlemmer av den britiske offentlegheita, hovudsakleg kvinner, vart opprørte over teksten til songen og referansane til Ripper.Late Late Show-intervju med Phil Lynott, 1981 Ein musikkvideo, der Lynott er kledd i ein trenchcoat i Ripper-stil omgitt av lettkledde kvinner, skapte endå meir kontrovers då han vart gitt ut i 1980.

Medverkande Phil Lynott – bassgitar, vokal Scott Gorham – sologitar Snowy White – sologitar Darren Wharton – klaverinstrument Brian Downey – trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Killer on the Loose» frå , den 26. april 2023. oppgav desse kjeldene:  

Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Thin Lizzy-songar Kategori:Songar skrivne av Phil Lynott Kategori:Vertigo Records-singlar