«Cold Sweat» er ein song av det irske rockebandet Thin Lizzy, og det femte sporet på det siste studioalbumet deira, Thunder and Lightning. Songen vart skriven av gitaristen John Sykes og Phil Lynott, og vart den største singelen frå albumet. Han nådde 27. plassen på den britiske singellista og 23. plassenen i Irland.

Songen er kjend for gitarsoloen til Sykes, som har ein tapping-spelestil som var i ferd med å bli populær då albumet vart gitt ut, men som på den tida òg vart brukt av artistar som Eddie Van Halen og Randy Rhoads.

Innspeling og promotering «Cold Sweat» vart spelt inn som ein av dei siste låtane på albumet Thunder and Lightning. Thin Lizzy hadde allereie skrive alt det andre materialet som var nødvendig, og då Sykes vart med i bandet, stod det berre att å spela inn songane. Han hugsa: «Fordi eg ikkje hadde bidrege med noko på dette stadiet, sleppte eg berre til med ei skisse av det som skulle bli 'Cold Sweat'; alt vart laga der og då i studio.»Alan Byrne, «Thin Lizzy: Soldiers of Fortune», Firefly, 2004, s. 158.

Produsenten Chris Tsangarides var overraska over at songen vart vald som singel: «Han var litt tung, sjølv for dei.» Thin Lizzy vart beden om å framføra songen på det britiske TV-showet Top of the Pops, men vart vald bort etter at Lynott krangla med ein scenemanager.

Den 28. januar 1983 framførte bandet songen på det britiske TV-musikkshowet The Tube, saman med «The Sun Goes Down» og «The Boys Are Back in Town».

Andre versjonar 1990: Sodom (Better off Dead) 1992: Re-Animator (That Was Then This Is Now) 1994: Helloween (Perfect Gentleman) 2001: Adam West (Hi-Balls Are Rolling!) 2001: Dreadnaught (One Piece Missing) 2007: Jorn (Unlocking the Past) 2007: Dublin Death Patrol (DDP 4 Life) 2010: Kalmah (japansk bonusspor på 12 Gauge) 2010: The Sword (Cold Sweat/Maiden, Mother & Crone) 2013: Megadeth (Super Collider)

Medverkande Phil Lynott – bassgitar, solovokal Scott Gorham – sologitar John Sykes – sologitar Brian Downey – trommer Darren Wharton – klaverinstrument

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cold Sweat av Thin Lizzy» frå , den 26. april 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1983 Kategori:Singlar frå 1983 Kategori:Thin Lizzy-songar Kategori:Songar skrivne av John Sykes Kategori:Songar skrivne av Phil Lynott Kategori:Vertigo Records-singlar