Hamnespy (Didemnum vexillum), og kalla japansk sjøpung, er ein art sjøpung som naturleg høyrer heime i Japan. Arten har spreidd seg til europeiske farvatn. Han vart første gong påvist i Noreg i 2020 i Engøysundet i Stavanger. Etter det har arten spreidd seg nordover langs Vestlandskysten. Vinteren 2023 vart han påvist så langt nord som i Måløy.
Koloniar av hamnespy, som spreier seg raskt, kveler alt liv på havbotnrn. Difor vert arten karakterisert som ein framand art med høg risiko i Noreg. Spreiinga skjer ved larvar, eller at små bitar av kolonien dett av og lager nye i nærleiken.
Arten kan etablere seg på kunstige overflater som bryggjer, blåser, fortøyingar og båtskrog. At han kan spreie seg på båtar, gjer det vanskeleg å stogge spreiinga.
Arten gyt i tidsromet april-desember, helst når det er 11–14 grader i vatnet
Hausten 2023 vart det sett i gong forsøk med å drepe hamnespy med brent kalk. Kjelder Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Sekkdyr