«Fly Away from Here» er ein powerballade av den amerikansker rockegruppa Aerosmith. Det var den andre singelen frå albumet deira Just Push Play frå 2001. Hanv ar skriven av låtskrivarane Marti Frederiksen og Todd Chapman. Songen er ein ballade om å ønskja å komma seg bort eller rømme med ein elska. Han fekk ikkje noko særleg gjennomslag på hitlistene, men vart spelt ein del på radio for vaksen moderne musikk.
Musikkvideo Musikkvideoen var regissert av Joseph Kahn og var svært futuristisk og høgteknologisk. I videoen speler òg skodespelaren Jessica Biel, og den yngste dottera til Steven Tyler, Chelsea som portretterer Steven som barn i denne videoen.
Innhald «Fly Away from Here (Radio Remix Edit)» «Fly Away from Here (albumversjon)» «Fly Away from Here (Rock Remix Edit)» «I Don't Want to Miss a Thing (Armageddon-versjon)»
Medverkande Steven Tyler – solovokal Tom Hamilton – bass Joey Kramer – trommer Joe Perry – sologitar, korvokal Brad Whitford – rytmegitar Andre medverkande Jim Cox – piano Paul Santo – Kurzweil
Salslister +Vekesliste for «Fly Away from Here»Liste (2001)PlasseringNederland (Tipparade 40)24
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fly Away from Here» frå , den 16. mai 2023. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Aerosmith-songar Kategori:Singlar frå 2001 Kategori:Hardrockballadar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Joseph Kahn Kategori:Songar skrivne av Marti Frederiksen Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar frå 2001