Silkebygg (Hordeum jubatum) er eit eitårig 15-40 cm høgt aksgras som blømer i juni-august og veks opp til til Trøndelag i Noreg og Jämtland-Ångermanland i Sverige.

Skildring Silkebygg veks i tuver, men finst òg som enstaka smale strå. Blada er 2-5 mm breie. På undersida er dei lodne, og dei har ikkje bladøyre. Akset er 3-8 cm langt, innleiingsvis er det gulgrønt og seinare raudtona, vanlegvis med parallell bust. Etter ei kort stund byrjar busten å spreia seg, og akset får snart ein bustete utsjånad som ein liten flaskebørste. Ytteragna til blomane er er børsteaktige og dei til sideblomane er 3-8 cm lange, medan midtblomane er 2-6 cm lange.

Vekststad Silkebygg er rekna som ganske sjeldan i Skandinavia, og har den naturlege førekomsten sin i Nord-Amerika. Arten er blitt innført til Skandinavia dels som prydplante, men sannsynlegvis mest i lag med importvarer, noko som er avspegla av at det særleg er å finna på ruderatmark, avfallsplassar, ved jernbaner, vegkantar, hamner og på strender.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ekorrkorn» frå , den 26. mai 2023.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byggslekta Kategori:Plantar i Noreg