Elias Fiigenschoug var ein norsk målar som arbeidde i Bergen kringom 1630-60, den fremste barokkmålaren i Noreg på 1600-talet.

mini|venstre|Portrett av Erik Iversen Nordal i Leikanger kyrkje i Sogn.

Fiigenschoug var kanskje fødd i København. Mykje truleg gjekk han i lære i Amsterdam, då portrettstilen hans er typisk nederlandsk. Han måla ei rekke portrett av prestar og prestefamiliar, datert til mellom 1633 og 1657. Desse var lokalisert til kyrkjer frå særleg Hardanger i sør til Nordfjord i nord. Han har også laga livfulle portrett-medaljongar av kjøpmenn og embetsfolk. Fiigenschoug sine seinare bilete viser påverknad frå flamsk barokkmåleri. Hans prospekt av Halsnøy kloster frå 1656 vert rekna som det fyrste norske landskapsmåleriet.

Kjelder

Kategori:Norske målarar Kategori:Barokkmålarar Kategori:Målarar frå 1600-talet