«Let's Get It Up» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC, først gjeve ut i 1981 på albumet deira For Those About to Rock We Salute You, og seinare som den første singelen frå albumet.

Vokalisten Brian Johnson samanfatta låten for Kerrang!-skribenten Sylvie Simmons som «Skitt, rein og skjer skitt. Me er eit skittent band.»

Konsertopptak av «Back in Black» og «T.N.T.», utgitt som B-sider på den britiske versjonen av singelen, vart begge spelt inn i Landover i Maryland i desember 1981. «T.N.T.» dukka berre opp på 12-tommer-utgåva.{

Mottaking Då Kurt Loder melde låten i samband med For Those About to Rock, skreiv han: «Det kan verka vanskeleg å ta ein sleveflekkete smårolling i skulegut-shorts på alvor som gitarist, men viss du lyttar nøye til den serpentinske soloen til Angus Young i 'Let's Get It Up', vil du høyra dei freidige bluesrøtene hans skina gjennom.»

Record World kalla songen ein «knallbra rockar med eit festleg refreng».

Salslister Liste (1982)Plassering Den tyske singellista33

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Let's Get It Up» frå , den 27. juni 2023. oppgav desse kjeldene:

Kategori:AC/DC-songar Kategori:Songar produserte av Robert John «Mutt» Lange Kategori:Songar skrivne av Angus Young Kategori:Songar skrivne av Brian Johnson Kategori:Songar skrivne av Malcolm Young Kategori:Bluesrock-songar Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Atlantic Records-singlar