Kimchi (hangul 김치|) er ein koreansk matrett, beståande av fermenterte grønsaker og iblant reker eller andre små sjødyr. Grønsakene varierer, men basisen er ofte kinakål saman med kvitlauk, reddik og frisk, raud chilipepar. Kimchi har ein sterk smak og duft og er nærast obligatorisk tilbehøyr til eit koreansk måltid.

Kimchi kan etast direkte, eller laga til saman med andre ingrediensar for å lage forskjellige retter. Nokre eksempel er kimchigryte (kimchi jjigae) og steikt ris med kimchi (kimchi bokkeumbap). Fordi kimchi er både smaksrik og sunn, har retten blitt stadig meir populær rundt om i verda.

Historie miniatyr|Krukker brukt til lagring av kimchi.

Historia til kimchi kan sporast langt tilbake i tid. Kimchi blei omtalt så tidleg som for 2600–3000 år sidan. Det fyrste skriftlege beviset for eksistensen til kimchi finst i den fyrste kinesiske diktsamlinga, ShiKyung. I denne boka vert kimchi kalla for «ji», nemninga som blei brukt før han blei kjend som «chimcahe».Hankyorei21

Den tidlegaste typen kimchi bestod berre av salta grønsaker. Det var på 1100-talet at folk byrja å ha i andre typar krydder for å skape andre smakstypar og farger, slik som sur og søt smak, og kvit og oransje farge.

Det var ikkje før tidleg på 1600-talet at den noverande kimchitypen oppstod. Han bestod av salta kinakål krydra med sterk chilipepar.Yoon, Sook Ja. «Good Morning, Kimchi». oversatt av Young-hie Han. Chilipepar var ukjend i Korea fram til tidleg på 1600-talet. Dette blei importert frå Japan eller Kina, der vestlege handelsmenn bringa det med seg fyrst.

Etter å ha krydra den salta kinakålen, vert kimchi lagra i ein behaldar i omtrent tre dagar før han er ferdig fermentert. Avhengig av individuelle preferansar kan lagringstida variere, og kimchien vil dimed få ein smak som kan vere alt frå tam til sur. Denne typen kimchi blei populær på 1800-talet. Han blir kalla baechu kimchi, og er fortsatt den vanlegaste og mest populære typen kimchi.

Tradisjonelt blei kimchi fermentert i keramikkrukker gravne ned i bakken. Om vinteren sørga denne forma for lagring av kimchi, kjend som kimjang, for at koreanarane kunne nyte kimchi i vintermånadane når ferske grønsaker ikkje var tilgjengelege.

Anna Mange koreanarar lagrar kimchi i eit eige kjøleskap som er laga for å oppbevare kimchien under ein optimal temperatur, slik at fermenteringa blir riktig.«Thinking Locally, Succeeding Globally» – artikkel i cnnmoney.com Når ein tek bilete, seier sørkoreanarane ofte ordet «kimchi» på same måte som når engelskspråklege seier «cheese».Food in Korea – artikkel i asianinfo.org Den fyrste koreanaren i verdsrommet, bioteknologen Yi So-yeon, serverte kimchi ombord på Den internasjonale romstasjonen. Korea Aerospace Research Institute (KARI) hadde utvikla ei romsikker kimchi-oppskrift ved å sterilisere maten med stråling, varme, frysing og innpakning.Korea Casts an Eye Heavenward – artikkel i WiredNews

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kimchi» frå , den 16. juli 2023.

Bakgrunnsstoff Korean Traditional Kimchi frå Korea Agro-Fisheries Trade Corp. Koreansk kimchi, syret kål, oppskrift frå Tinas Mat, frå nrk.no How to make kimchi, med bilete. Frå ein uoffisiell side om T-bana i Pyongyang i Nord-Korea Greg's kimchi, Greg sin eksperimentelle kimchi-oppskrift, med bilete

Kategori:Koreansk mat Kategori:Nasjonalretter