«Aijā» (norsk omsetjing ‘kom igjen’) er ein indierocklåt med det latviske bandet Sudden Lights. Songen blei gjeven ut 27. januar 2023 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen «Aijā» er skriven av bandet sjølv, og blei skriven med formål om å vere ein slags voggesong. I eit intervju uttalte bandet at songen skal distrahere lyttaren og få dei til å gløyme «alt det vonde som skjer i verda». Målet er også at sjåarane og lyttarane skal oppleve framføringa av songen som ein «rockekonsert på scena». Songen har engelsk tekst, med eit avsluttande vers på latvisk.

«Aijā» var eit av bidraga i den latviske songtevlinga Supernova 2023, i regi av den latviske kringkastaren LTV. Vinnaren fekk representere Latvia i Eurovision Song Contest. Songen vann finalen laurdag 11. februar 2023 og blei med det det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia. Latvia deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der enda «Aijā» på ellevteplass, berre 3 poeng bak tiandeplassen. Sidan låten ikkje blei blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.

Listeplasseringar Liste (2023) Høgasteplassering (LAIPA) 3 Domestic Airplay (LAIPA) 3

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Aijā» frå , den 2. desember 2023.

Kategori:Latviske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar