«Who the Hell Is Edgar?» (norsk omsetjing ‘kven i helvete er Edgar?’) er ein song med den austerrikske duoen Teya og Salena. Sangen blei gjeven 8. mars 2023 og var det austerrikske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen «Who the Hell Is Edgar?» er skriven av duoen sjølv, beståande av Teodora Špirić og Selina-Maria Edbauer. Dei skreiv songen saman med låtskrivarduoen Ronald Janeček og Pele Loriano, som også produserte låten. Songen blei til under ein låtskrivarleir i Tsjekkia.
Songen blei gjeven ut 8. mars 2023, på den internasjonale kvinnedagen. Ifølgje artistane er ikkje låten nokon «feministisk hymne, men eit morosam augneblinksbilete av ein dialog mellom to venninner». «Edgar» i tittelen peikar til den amerikanske skribenten, poeten og litteraturkritikaren Edgar Allan Poe. I teksta hevdar songarane at attergangaren av Poe har teke kroppane deira. Han lagar eit lyrisk meisterverk gjennom dei, ein song som er så spesiell at han kan gjere dei rike. Teksta er vidare eit satirisk spark til musikkindustrien og summane som artistar får utbetalt gjennom strøyming og sal. Blant anna trekkjer dei fram talet 0,003, som er dollar-beløpet som artistar får for kvar strøyming på Spotify.
Eurovison Song Contest «Who the Hell Is Edgar?» blei internt vald av den austerrikske kringkastaren ORF til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2023. Austerrike deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «Who the Hell Is Edgar?» nummer to og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. Dette var fyrste gongen sidan 2018 at Austerrike kvalifiserte seg til ein Eurovision-finale. I finalen opna Austerrike showet og blei nummer 15 av 26 bidrag.
Listeplasseringar Liste (2023)Høgasteplassering (ARIA) 43 (Ö3 Austria Top 40) 4 (IFPI) 26 (IRMA) 67 (Plötutíðindi) 12 (AGATA) 10 (Single Tip) 2 (Polish Streaming Top 100) 51 (Sverigetopplistan) 79
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Who the Hell Is Edgar?» frå , den 4. desember 2023.
Kategori:Austerrikske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar