«Watergun» (norsk omsetjing ‘vasspistol’) er ein song frå 2023 med den sveitsiske artisten Remo Forrer. Songen blei gjeven som singel 7. mars 2023 og var det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023.

Om songen «Watergun» er skriven av låtskrivartrioen Argyle Singh, Ashley Hicklin og Mikolaj Trybulec. Songen blir skildra som ein kraftballade, og teksta handlar om «hjelpelausheita i møte med verdas konfliktar». I ein artikkel uttalte songaren Remo Forrer at «min generasjon må leve med konsekvensane av vala som ikkje blei tekne av oss. Det er frustrerande, men eg håpar likevel at det mogleg med endringar». Songen blei også skildra som ein appell for fred.

Eurovision Song Contest «Watergun» blei send inn til kringkastaren SRG SSR si tevling for å finne det sveitsiske bidraget til Eurovision Song Contest. Gjennom fleire interne seleksjonsrunder, inkludert fag- og publikumsjuryar, blei songen vald til det sveitsiske bidraget.

Remo Forrer blei vald til å framføre bidraget, og han blei kunngjord som den sveitsiske representanten 20. februar 2023. Forrer hadde tidlegare vunne The Voice of Switzerland. «Watergun» blei gjeven ut for strøyming og nedlasting 7. mars 2023.

Sveits deltok i den fyrste semfinalen tysdag 9. mai i Liverpool. Der blei «Watergun» nummer sju og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I finalen enda songen på 20. plass med 92 poeng.

Listeplasseringar Liste (2023)Høgasteplassering (Ö3 Austria Top 40) 70 (Plötutíðindi) 27 (AGATA) 27 (Single Tip) 17 Heatseeker (Sverigetopplistan) 1 (Schweizer Hitparade)2

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Watergun» frå , den 4. desember 2023.

Kategori:Sveitsiske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar