«Tattoo» (norsk omsetjing ‘tatovering’) er ein popsong frå 2023 med den svenske songaren og låtskrivaren Loreen. Songen blei gjeven ut 25. februar 2023 og er skriven av Loreen sjølv, saman med Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Jimmy Jansson, Cazzi Opeia, Peter Boström og Thomas G:son. «Tattoo» vann svenske Melodifestivalen i 2023 og deretter Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen «Tattoo» er skriven av Loreen sjølv, saman med Jimmy «Joker» Thörnfeldt, Jimmy Jansson, Cazzi Opeia, Peter Boström og Thomas G:son. Songen handlar om å kjempe for kjærleiken og er i sjangeren pop og europop. Tittelen viser til at den ho elskar, er festa til ho som ei tatovering.

«Tattoo» blei send inn til SVT si songtevling Melodifestivalen 2023. Der blei han plukka ut til å delta blant 28 deltakarlåtar. Loreen hadde tidlegare delteke i Melodifestivalen i 2011, 2012 og 2017. Ho vann finalen i 2012 med «Euphoria», som også vann Eurovision Song Contest 2012 i Baku. Låten blei seinare ein stor hit i heile Europa.

«Tattoo» vann den fjerde delfinalen laurdag 26. februar 2023, men måtte framføre på nytt etter at ein demonstrant storma scena under den fyrste framføringa til Loreen. Før finalen var «Tattoo» den store favoritten, både til å vinne Melodifestivalen og Eurovision Song Contest 2023.

Eurovision Song Contest Som vinnar av Melodifestivalen blei «Tattoo» det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Sverige blei trekt til å delta i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023, der songen fekk startnummer 11. Låten enda på andreplass i semifinalen og blei kvalifisert til finalen laurdag 13. mai.

Før Eurovision Song Contest var «Tattoo» klår favoritt til å vinne tevlinga, med ein rekna vinnarsjanse på 50 prosent på finaledagen.

«Tattoo» vann Eurovision Song Contest 2023 etter at låten fekk 340 poeng i juryavrøystinga og 243 poeng i telefonavrøystinga, totalt 583 poeng. Dette var 57 poeng meir enn nummer to, det finske bidraget «Cha cha cha». Dette var den sjuande sigeren til Sverige i Eurovision Song Contest, like mange som Irland hadde til då.

Listeplasseringar Liste (2023)Høyesteplassering (Ö3 Austria Top 40)1 (ARIA Digital Track Chart)9 (Unistar)6 (Ultratop 50 Flandern)1 (Ultratop 50 Vallonia)2 (PROPHON)3 (Billboard Digital Song)37 (Tracklisten)13 (Monitor Latino – Anglo)8 (Radiomonitor)4 (Suomen virallinen lista)3 (SNEP)31Global 200 (Billboard)15 (IFPI Greece, internasjonal musikk)1 (IRMA)3 (Tónlistinn)1 (Media Forest)1 (FIMI)24 (Billboard)5 (HRT ARC 100)4 (EHR)1 (AGATA)2 (Billboard)1 (Nederlandse Top 40)1 (Single Top 100)1 (RMNZ Hot Singles)19 (VG-lista)2 (Strøyming Top 100)4 (AFP)15 (Billboard)18 (TopHit Airplay)13 (Radio Monitor)2 (Rádio Top 100)27 (Singles Digitál Top 100)23 (Radiomonitor)2 (PROMUSICAE)22 (UK Singles Chart)2 (Schweizer Hitparade)1 (Sverigetopplistan)1 (Rádio – Top 100)37 (Singles Digitál Top 100)9 (Deutsche offizielle Charts)7 (TopHit Airplay)26 (Single Top 40)5

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tattoo (sang)» frå , den 1. desember 2023.

Kategori:Svenske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest-vinnarsongar Kategori:Melodifestival-vinnarsongar Kategori:Melodifestivalen 2023-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege songar i Melodifestivalen Kategori:Songar på toppen av Sverigetopplistan