Au Train River er ei elv på 16,8 miles (27,0 km)U.S. Geological Survey i Au Train Township i Alger County i Michigan. Ho byrjar ved eit utløp frå reservoaret Cleveland Cliffs Basin, og renn nordover. Elva går gjennom Au Train-sjøen, og renn inn i Øvresjøen ved Au Train-bukta og Au Train Township.

Namnet «Au Train» er fransk, etter den franske pelshandelen i området i kolonitida. Det er truleg ei omsetjing av eit ojibwenamn, attgjeve som «Mataban» på eit jesuittkart frå 1670-71, tolka som ‘sleden sin’ av Alan H. Hartley (med fransk for slede la traine), eller «Me ta bwa nink sepe» frå Hubbard-karta frå 1840-talet eller «Mah daw bon ingk» frå Kobawgam-karta frå 1890-talet, tolka som ‘går ned’ eller ‘stad der ein sti når stranda’ av Bernard C. Peters.

ingen|mini|Fiske ved Au Train Falls på 1930-talet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Au Train River» frå , den 5. desember 2023. oppgav desse kjeldene: Au Train Streamflow Data from the USGS

Kategori:Elvar i Michigan Kategori:Stadnamn av fransk opphav i USA