«Due vite» (norsk omsetjing: ‘to liv’) er ein italiensk popballade frå 2023 av og med Marco Mengoni. Låten vann den italienske musikkfestivalen Sanremo-festivalen og var det italienske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Om songen «Due vite» blei skriven av Mengoni saman med låtskrivarane og musikkprodusentane Davide Petrella og Davide Simonetta. Songen handlar om forholdet mellom det medvitne og det umedvitne. «Eg brukar mange timar i veka på tankane mine, og eg har innsett at det umedvitne gjev meg meir realistisk inspirasjon enn kva kvardagslivet gjer. I songen snakkar eg om dette dobbeltlivet, forholdet mellom drøymer og røyndom», fortalde Mengoni i eit intervju med Vanity Fair Italia.

«Due vite» blei gjeven ut for strøyming og nedlasting 8. februar 2023, då han deltok i Sanremo-festivalen, den største musikktevlinga i Italia. I finalen laurdag 11. februar 2023 vann songen tevlinga. Dette var den tredje deltakinga til Mengoni i Sanremo-festivalen, og hans andre siger – den fyrste var med «L'essenziale» i 2013.

Som vinnar av Sanremo-festivalen fekk Mengoni representere Italia i Eurovision Song Contest Liverpool. Italia var direktekvalifisert til finalen laurdag 13. mai som eit av «dei fem store» landa. I finalen enda låten på fjerdeplass med 350 poeng.

Listeplasseringar Liste (2023)Høgasteplassering (Ö3 Austria Top 40)50Global 200 (Billboard)80 (IFPI Greece, internasjonal musikk)21 (Tónlistinn)16 (FIMI)1 (HRT)35 (AGATA)14 (Radiomonitor)20 (Single Tip)29 (Radio San Marino RTV)1 (UK Singles Download)40 (Schweizer Hitparade)2 (Sverigetopplistan)56 (Singles Downloads)13

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Due vite» frå , den 5. desember 2023.

Kategori:Italienske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Festival della Canzone Italiana di Sanremo-songar