Sotjako (Psittacus timneh) er ein medlem av papegøyefamilien Psittacidae som lever innanfor eit avgrensa område i Vest-Afrika frå sørlege Guinea austover til søraustre Elfenbeinskysten.
Taksonomi Sotjakoen vart formelt skildra i 1844 av den britiske zoologen og samlaren Louis Fraser. Han laga det binomiale namnet Psittacus timneh og spesifiserte typelokaliteten som «Timneh-land, Sierra Leone». Slektsnamnet Psittacus er latin for «papegøye». Temnefolk er ei etnisk gruppe som hovudsakleg lever i den nordlege provinsen Sierra Leone. Sotjakoen vart tidlegare klassifisert som ein underart av gråjako, men blir no handsama som ein eigen art basert på resultata av ein genetisk og morfologisk studie publisert i 2007.
Det er anerkjent to underartar av sotjako: P. t. timneh Fraser, 1844 – Sør-Guinea til Sierra Leone, Liberia, Mali og søraustre Elfenbeinskysten P. t. princeps Alexander, 1909 – Príncipe, ei øy i Guineabukta
Skildring Sotjako veks til 28–33 centimeter i lengd og veg 275–375 gram, og er med det ein mellomstor papegøye. Fjørdrakta er hovudsakleg flekkete grå, med ei kontrastrik kvit ansiktsmaske og bleikgule auge. Samanlikna med den einaste andre anerkjende Psittacus-arten, gråjako (P. erithacus), er sotjako mindre og mørkare, med ein matt, mørk raudbrun, i staden for karmosinraud hale og ein hornfarga flekk på den øvre kjeven. Til liks med gråjako er sotjakoen intelligent og ein dyktig hermar. Sotjakoen kan vere mindre nervøs og meir utadvend rundt menneske, og kan lære å snakke i ein yngre alder enn gråjako.
Utbreiing og habitat Sotjakoen er endemisk til dei vestlege delane av dei fuktige øvre Guinea-skogane og grensar til savannane i Vest-Afrika frå Guinea-Bissau, Sierra Leone og sørlege Mali austover til minst 70 km aust for Bandama-elva i Elfenbeinskysten. Det er ingen naturleg overlapping med gråjako sitt utbreiingsområde. Fuglane lever typisk i tett skog, men sest også i skogkantar og i lysningar, i galleriskog langs vassdrag, savanneskog og mangrovar. Sjølv om dei nokre gonger finst i dyrka område og hagar, er det ikkje klart om desse habitata inneheld livskraftige populasjonar fordi fuglane gjer sesongmessige rørsler ut frå dei tørraste delar av utbreiingaområdet i den tørre årstida.
Vern Av ein total estimert bestand på 120 000–259 000 individ, er dei største bestandane i Elfenbeinskysten og Liberia. Undersøkingar indikerer at arten har forsvunne frå delar av Liberia.
Sotjakoen har gått gjennom bestandsnedgang både på grunn av tap av skoghabitat og fangst for internasjonal handel med ville fuglar. Fragmentering og tap av skog, og dessutan klimatiske endringar, har vorte viktig for tilgjenge av føde for papegøyar. Komponentar i føda er plantar og plantedelar inkludert frukt, frø, blomstrar, bladknoppar og saft. Evna til å spore mat og byte diettar bestemmer evna arten har til å takle miljøendringar; manglar på slike eigenskapar er ei medverkande årsak til populasjonsnedgangen til sotjakoen. Saman med gråjako er han ein av dei mest populære burfuglane i USA, Europa og Midtausten på grunn av lang levetid og evne til å etterlikne menneskeleg tale.
I januar 2007 innførte Convention on International Trade of Endangered Species (CITES) eit toårig forbod mot eksport av sotjako frå Sierra Leone, Liberia, Elfenbeinskysten og Guinea, medan import av villfanga fuglar til EU vart forbode same år. Trass i dette eksporterte Guinea i 2009 720 fuglar. Den lovlege handelen, som blir overvakt av CITES, kan utgjere berre ein liten del av det samla talet fanga i naturen. I 2016 utvida CITES det høgaste vernenivået til sotjako ved å liste arten under vedlegg 1, som regulerer internasjonal handel med arten.
Kjelder
Denne artikkelen bygger dels på «Timneh parrot» frå , den 7. desember 2023
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Parakittar