Rani Petersen (), kjend under artistnamnet Reiley, er ein færøysk songar og påverkar. I 2023 vann hann Dansk Melodi Grand Prix og representerte Danmark i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Breaking My Heart».

Bakgrunn Petersen blei fødd i Tórshavn i 1997 og har sidan vakse opp på Færøyane. Han byrja å synge som barn, og i 2019 fekk han stor merksemd då han byrja å leggje ut korte coverversjonar av kjende låtar på TikTok. Etter kvart bygde han opp ein fanskare og over 10 millionar følgjarar på det sosiale mediet. Han har ein platekontrakt hos amerikanske Atlantic Records.

Reiley gav ut debutsingelen «Let It Ring» i 2021, og sidan har han gjeve ut fleire nye singlar. I 2023 vann han Dansk Melodi Grand Prix med låten «Breaking My Heart». Som vinnar representerte han Danmark i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool, der han blei slegen ut i semifinalen.

Kritikk Petersen har blitt skulda for å vere eit reint musikkbransje-skapt produkt, og skulda for overdriven bruk av autotune. Sjølv har artisten sagt kritikken kjem frå nettroll.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Reiley (artist)» frå , den 7. desember 2023.

Kategori:Færøyske songarar Kategori:Færøyske låtskrivarar Kategori:Dansk Melodi Grand Prix-vinnarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Danske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar