Meena Kumari (fødd Mahjabeen Bano; ) var ein indisk skodespelar og diktar som verka innan hindifilmar. Ho var kjend som «The Tragedy Queen», og var aktiv mellom 1939 og 1972. Kumari er rekna som ein av dei største skodespelarane i den indiske filmindustrien. I ein karriere som varte i over 33 år, frå barndommen til ho var vaksen, medverka ho i over 90 filmar. Ho døydde berre 38 år gammal av skrumplever.
Kumari vann fire Filmfare-prisar i kategorien for beste kvinnelege skodespelar. Ho fekk den første slike prisen for Baiju Bawra i 1954, og vann han att året etter for Parineeta. Kumari gjorde historie ved den 10. filmfareprisutdelinga i 1963 ved å få alle tre nominasjonane til beste kvinnelege skodespelar, og vann for rolla si i Sahib Bibi Aur Ghulam. Ho vann den siste filmfareprisen sin for Kaajal i 1966. Den siste filmen hennar, Pakeezah, kom ut året etter at ho var død, og gav henne ein posthum filmfarenominasjon.
Bakgrunn Far til Kumari var Master Ali Bux, ein sunnimuslim som hadde emigrert frå Bhera (i noverande Pakistan). Han hadde lenge vore med i parsi-teater, spelte harmonium, skreiv urdu-poesi, komponerte musikk og spelte òg små roller i nokre filmar. Mor til Kumari, Iqbal Begum, som opphavleg heitte Prabhavati Devi, var av kristent opphav og hadde konvertert til islam etter at ho gifta seg. Iqbal Begum var den andre kona til Ali Bux. Før ho møtte og gifta seg med Ali Bux, var ho skodespelar. Ho var ein slektning av den bengalske Tagore-familien, som Rabindranath Tagore var den best kjende medlemmen av.
Bestemora til Kumari, Hem Sundari Tagore, var anten dotter av eller enkje etter eit fjernt syskenbarn av Rabindranath Tagore. Etter at mannen hennar døydde blei ho tvinga av familien til å forlata heimen og drog til Meerut, der ho blei sjukepleiar og gifta seg med Pyare Lal Shakir Meeruti (1880-1956), ein urdu-journalist som hadde konvertert til kristendomen. Ho fekk to døtrer; ei av dei var Prabhavati, mor til Kumari.
Fødsel og barndom mini|Meena Kumari som åtteåring. Kumari blei fødd med namnet Mahjabeen den 1. august 1933, i Parel i Mumbai, og voks opp i Dadar. Fødselen var eit vonbrot for Ali Bux, som ønskte seg ein son. Ho var den andre dottera til paret, og hadde to systrer; den eldre heitte Khursheed Jr. og den yngre heitte Mahliqa (ho blei kjend som Madhu og var også barneskodespelar; ho blei gift med skodespelaren Mehmood).
Som barn var ikkje Kumari lysten på ein filmkarriere, og ville heller gå på skule. Likevel tok foreldra hennar henne med til filmstudio for å få arbeid. Regissøren Vijay Bhatt gav henne ei rolle i actionfilmen Leatherface, som kom ut i 1939. Den fyrste dagen i jobben tente ho 25 rupi.
Kumari blei hovudforsørgaren for familien i svært ung alder. I eit intervju i 1962 sa ho at det at ho hadde støtta foreldra sine frå ho var fire år gammal gav henne enorm tilfredsstilling. Kumari byrja som elev på ein vanleg skule, men arbeidet hennar førte ofte til avbrot i utdanninga. Ho fekk derfor ikkje nokon skikkeleg skulegang, og utdanninga hennar var resultatet av privat undervising og sjølvlæring.
Mora døydde 25. mars 1947, då Kumari var 13.
Karriere
Tidleg arbeid som Baby Meena (1939-45) mini|Meena Kumari (til høgre) som barneskodespelar i 1940. Kumari byrja spela inn filmar frå ho var fire år gamal. Ho arbeidde fyrst mest i Vijay Bhatt-produksjonar: Leather Face (1939), Adhuri Kahani (1939), Pooja (1940) og Ek Hi Bhool (1940). Bhatt døypte om Mahjabeen til «Baby Meena» under filminga av Ek Hi Bhool.
Fleire filmar følgde, som Nai Roshni (1941), Bahen (1941), Kasauti (1941), Vijay (1942), Garib (1942), Pratiggya (1943) og Lal Haveli (1944).
Tidleg karriere (1946-52) Under namnet Meena Kumari fekk ho ei rolle i Ramnik Productions sin Bachchon Ka Khel (1946). Duniya Ek Sarai (1946), Piya Ghar Aaja (tidlegare kalla Jalan) (1948) og Bichade Balam (1948) var nokre av dei tidlege filmane hennar der ho ikkje berre spelte, men òg song songar. På slutten av 1940-talet endra ho fokus til mytologiske eller fantasyfilmar. Veer Ghatotkach (1949), Shri Ganesh Mahima (1950), Laxmi Narayan (1951), Hanuman Patal Vijay (1951) og Aladdin Aur Jadui Chirag (1952) var nokre slike. Andre filmar, som Magroor (1950), Hamara Ghar (1950), Sanam (1951), Madhosh (1951) og Tamasha (1952), hadde meir av eit skodespelarensemble. Kumari blei særleg kjend med musikalen Baiju Bawra (1952), regissert av mentoren Vijay Bhatt.
Stigande stjerne (1952-56)
1952: Baiju Bawra er eit romantisk musikalsk drama om hindustanimusikaren Baiju Bawra frå Mogulriket. Kumari spelte Gauri, den kvinnelege hovudrolla i filmen. Etter suksessen blei ho modell for Hindustan Lever-produkt og var på kalenderen til ei populær venleikssåpe. 1953: Parineeta var regissert av Bimal Roy, med Ashok Kumar og Meena Kumari i hovudrollene. For denne filmen vann Kumari sin andre Filmfare Best Actress Award. Filmen var basert på den bengalske romanen frå 1914 av Sharat Chandra Chattopadhyay. Do Bigha Zamin, som også var regissert av Bimal Roy, vann den internasjonale prisen i Cannes i 1954 som den fyrste indiske filmen. Denne filmen hadde den einaste gjesteopptredenen til Kumari. Foot Path, regissert av Zia Sarhadi, var den fyrste filmen hennar med Dilip Kumar. Denne filmen var med i Avijit Ghosh si bokk, 40 Retakes: Bollywood Classics You May Have Missed. Daaera blei skriven og regissert av Kamal Amrohi, med Kumari, Nasir Khan og Nana Palsikar i hovudrollene. Andre filmar ho var i inkluderte Naulakha Haar og Daana Paani.
mini|Meena Kumari i Bandhan (1956). 1954: Chandni Chowk, regissert av B.R. Chopra, ein klassisk muslimsk samfunnsdramafilm, var ein kassasuksess. Baadbaan, regissert av Phani Majumdar, hadde ei stjernerolleliste som omfatta Kumari, Dev Anand, Ashok Kumar og Usha Kiran. Ilzaam, regissert av R.C. Talwar med Kumari og Kishore Kumar i hovudrollene, hadde òg premiere. 1955: I Azaad, ein komedie regissert av Sriramulu Naidu S.M., spelte Kumari i lag med Dilip Kumar. Dette var den nest mest inntenande indiske filmen dette året, og inkluderte songen «Aplam Chaplam» sungen av Lata Mangeshkar og Usha Mangeshkar. Adl-e-Jehangir var ein hindi-språkleg historisk dramafilm regissert av G.P. Sippy. Også denne hadde kommersiell suksess. Bandish, regissert av Satyen Bose med Kumari, Ashok Kumar og Daisy Irani i hovudrolla, var ein annan kassasuksess. Rukhsana, regissert av R.C. Talwar, hadde Kumari og Kishore Kumar i hovudrollene.
1956: Mem Sahib, regissert av R.C. Talwar, med Kumari si fyrste rolle i lag med Shammi Kapoor. Kumari i ei moderne rolle blei godt motteken av publikum, og filmen blei ein kassasuksess. Ek Hi Raasta var ein film basert på problemet med enkjegjengifte. Han var regissert og produsert av B.R. Chopra, og hadde Kumari i lag med nykomaren Sunil Dutt, Ashok Kumar og Daisy Irani i rollene. Filmen blei ein suksess som blei vist i over 25 veker, som ein «Jubilee Hit». , regissert av Hemchandra Chunder, var basert på den populære bengalske romanen Mantra Shakti, med Kumari og Pradeep Kumar i hovudrollene. Han vann eit Certificate of Merit ved National Film Awards. Naya Andaz, regissert av K. Amarnath og med Kumari og Kishore Kumar i hovudrollene, var ein musikalsk hit. Den historiske filmen Halaku, regissert av D.D. Kashyap og med Kumari, Pran, Minoo Mumtaz, Raj Mehra og Helen, blei ein ny kassasuksess.
Tragediedronning i indisk film (1957)
1957: Sharada, regissert av L.V. Prasad, var den fyrste filmen der Kumari spelte mot Raj Kapoor. Ho vann beste kvinnelege hovudrolle frå Bengal Film Journalists' Association Award for verket. Filmen hadde stor kritisk suksess, og var den niande høgast inntenande filmen i India i 1957. Komedien Miss Mary, regissert av L.V. Prasad med Kumari og Gemini Ganesan i hovudrollene, var ein av dei største suksessane dette året. 1958: For Sahara, regissert av Lekhraj Bhakri, fekk Kumari ein Filmfare-nominasjon. Yahudi, regissert av Bimal Roy, hadde Kumari, Dilip Kumar, Sohrab Modi, Nazir Hussain og Nigar Sultana i rollene. Filmen var basert på teaterstykket Yahudi Ki Ladki av Agha Hashar Kashmiri, ein klassikar innan parsi-urdu-teater, om jødeforfølgingane i det romerske riket. Filmen var ein kassasuksess, og var kjend for songen «Jah Mera Diwanapan Hai» sungen av Mukesh. Farishta og Savera (regissert av Satyen Bose) hadde Ashok Kumar og Kumari i hovudrollene. Filmane blei rekna som over gjennomsnittet.
1959: I Chirag Kahan Roshni Kahan, regissert og produsert av Devendra Goel, spelte Kumari med Rajendra Kumar og Honey Irani. Filmen var ein stor kassasuksess, og Kumari fekk ein Filmfare-nominasjon i kategorien beste kvinnelege skodespelar. Char Dil Char Rahen blei regissert av Khwaja Ahmad Abbas med Kumari, Raj Kapoor, Shammi Kapoor, Kumkum og Nimmi i rollene. Filmen fekk gode meldingar. Shararat var ein romantisk dramafilm skriven og regissert av Harnam Singh Rawail, med Kumari, Kishore Kumar, Raaj Kumar og Kumkum i hovudrollene, med «Hum Matwaley Naujawan» sungen av Kishore Kumer. Film Chand,med regi av Lekhraj Bhakri, fokuserte på effekten av polygami før loven Hindu Marriage Act, 1955. I filmen spelte Kumari i lag med med Balraj Sahni, Pandari Bai og nykomaren Manoj Kumar. Andre filmar ho var med i som kom ut i 1959 var Ardhangini, Satta Bazaar, Madhu og Jagir. 1960: Dil Apna Aur Preet Parai var eit romantisk drama skrive og regissert av Kishore Sahu. Kumari, Raaj Kumar og Nadira hadde hovudrollene. Filmen fortel historia om ein kirurg som er forplikta til å gifta seg med dottera til ein venn av familien, medan han er forelska i ein kollega, ein sjukepleiar spelt av Kumari. Dette er ein av dei best kjende rollene hennar. Filmen har musikk av Shankar Jaikishan, og har den hawaiisk-inspirerte «Ajeeb Dastan Hai Yeh» sungen av Lata Mangeshkar. Bahana, regissert av Kumar, hadde ei rolleliste som omfatta Kumari, Sajjan, Mehmood, Helen, Pramila, Sulochana Latkar og Sheela Vaz. Kohinoor, regissert av S.U. Sunny, hadde Kumari, Dilip Kumar, Leela Chitnis og Kumkum. Filmen hadde ein lettare tone, som Azaad, og mangla dei intense karakterane til tidlegare filmar av både Dilip Kumar og Kumari. 1961: Bhabhi Ki Chudiyan var eit familiedrama regissert av Sadashiv J. Row Kavi med Kumari og Balraj Sahni i hovudroller. Filmen var ein av dei høgast inntenande filmane det året. Zindagi aur Khwab, regissert av S. Bannerjee, med Kumari og Rajendra Kumar i hovudrollene, var ein annan suksess. Pyaar Ka Saagar blei regissert av Devendra Goel med Kumari og Rajendra Kumar.
Kritikarfavoritt (1962) Sahib Bibi Aur Ghulam, som var produsert av Guru Dutt og regissert av Abrar Alvi, hadde Kumari i rolla som Chhoti Bahu. Filmane er basert på den bengalske romanen Saheb Bibi Golam av Bimal Mitra. Han hadde Kumari, Guru Dutt, Rehman og Waheeda Rehman i rollene. Kritikarar har peika på at figuren hennar i Sahib Bibi Aur Ghulam minnar om livet til Kumari. Filmmusikken var av Hemant Kumar og songtekstane av Shakeel Badayuni. Filmen er òg kjend for kinematografi av V. K. Murthy og songane «Na Jao Saiyaan Chhuda Ke Baiyan» og «Piya Aiso Jiya Mein», begge sungne av Geeta Dutt.
Filmen vann fire Filmfare-prisar, inkludert beste kvinnelege skodespelar. Filmen blei nominert til ein gullbjørnpris på den 13. internasjonale filmfestivalen i Berlin, der Kumari var vald som delegat. Filmane blei vald som India sitt offisielle bidrag til Oscar-prisen.Margaret Herrick Library, Academy of Motion Picture Arts and Sciences 1962: Aarti, regissert av Phani Majumdar, hadde Kumari i tittelrolla med Ashok Kumar, Pradeep Kumar og Shashikala i andre viktige roller. Kumari vann prisen for bestekvinnelege skodespelar frå Bengal Film Journalists' Association. Main Chup Rahungi, regissert av A. Bhimsingh med Kumari og Sunil Dutt i hovudrollene, var ein av dei største filmsuksessane dette året, og Kumari blei nominverttil Filmfare-prisen for beste kvinnelege skodespelar for innsatsen sin .