Eric Carle () var ein amerikansk forfattar og illustratør. Han gav ut over 70 barnebøker, med fleire internasjonale bestseljarar. Som oftast stod han bak både tekstar og illustrasjonar til bøkene. Den best kjende boka hans er biletboka Den lille larven Aldrimett (The Very Hungry Caterpillar) frå 1969, som blei omsett til 30 språk i hans levetid. Då Carle døydde var det blitt selt over 50 millionar eksemplar av Den lille larven Aldrimett, noko som gjorde henne til ei av dei mest selde bøkene i verda uansett sjanger.

Bøkene hans handlar ofte om dyr, og illustrasjonane er utførte som formsikre og fargesprakande papirkollasjar.

Bakgrunn Carle var fødd i 1929 i Syracuse i New York som son av Johanna (f. Oelschlaeger) og Erich W. Carle, ein offentleg tenestemann. Då han var seks flytta familien tilbake til heimlandet Tyskland, og slo seg ned i Stuttgart. Carle blei utdanna der og gjekk ut frå den lokale kunstskulen, Staatliche Akademie der Bildenden Künste Stuttgart. Ved byrjinga av andre verdskrigen blei faren henta inn for å gjera verneplikt i den tyske hæren, og blei teken som krigsfange av sovjetiske styrkar då landet kapitulerte i mai 1945. Han vende heim seint i 1947, med ei vekt på 39 kg. Carle sa seinare til The Guardian at far hans var ein broten mann som var sjuk, både fysisk og psykisk.

Carle blei sendt til småbyen Schwenningen for å koma seg unna bombinga av Stuttgart. Då han var 15 blei han, som andre gutar på den alderen, sendt for å grava skyttargaver ved Siegfried-linja. Folk i nærleiken av han blei drepne. Ifølgje kona til Carle leid han truleg av post-traumatisk stress etter dette.

Etter å ha lengta tilbake til USA i fleire år, kom Carle seg til New York i 1952 med berre 40 dollar. Han fekk arbeid som grafisk designer ved reklameavdelinga til The New York Times. Han blei henta inn til å gjera verneplikt i den amerikanske hæren under Koreakrigen, og sendt for å gjera teneste i Tyskland som postarbeidar ved 2nd Armoured Division. Etter å ha gått ut frå hæren vendte Carle tilbake til The New York Times. Han blei seinare kunstleiar ved eit reklamebyrå.

Illustratør og forfattar

Pedagogen og forfattaren Bill Martin Jr. la merke til ein illustrasjon av ein raud hummar Carle hadde skapt til ein reklame, og spurde han om å samarbeida om ei biletbok.

Brown Bear, Brown Bear, What Do You See? blei gjeven ut av Henry Holt & Co. i 1967, og blei ein bestseljar. Etterkvart skreiv og illustrerte Carle sine eigne soger. Dei fyrste bøkene hans som forfattar og illustratør var 1, 2, 3 to the Zoo og The Very Hungry Caterpillar i 1969.

The Very Hungry Caterpillar, eller Den lille larven Aldrimett, blei omsett til ei rekkje språk og vann fleire prisar. Ho vann prisar som American Institute of Graphic Arts Award i 1970, Best Children's Books of England i 1970, franske Selection du Grand Prix des Treize i 1972 og japanske Nakamori lesarpis i 1975.

Carle nytta kunstforma kollasj, der han klippa ut handmåla papir og la dei lagvis for å skapa fargesterke bilde. Mange av bøkene han har ein ekstra dimensjon, som utstansa sider, blinkande lys som i The Very Lonely Firefly og livaktige lydar som i The Very Quiet Cricket. Sogene hans er vanlegvis henta frå naturen, og inspirerte av turar han tok med faren i skogar gjennom og enger.

Forfattaren fekk fleire æresgrader frå college og universitet som Williams College i 2016, Smith College i 2014, Appalachian State University i 2013 og Bates College i 2007.NISSY

Carle hadde ein son og ei dotter. Han budde i over 30 år i Northampton i Massachusetts med den andre kona si, Barbara Morrison.

Eric Carle-museet mini|Eric Carle Museum of Picture Book Art i Amherst i Massachusetts.

I Amherst County i Massachusetts, der Carle budde, ligg Eric Carle Museum of Picture Book Art. Museet er ei ideell stifting som har som formål å fremja leselyst og lesekunnskap ved hjelp av biletbøker. Det blei skipa av Eric Carle og kona hans Barbara i 2002.

I 2021 hadde museet ei samling på over 12 000 gjenstandar, tre kunstgalleri, eit atelier, eit teater og bibliotek både for vanlege besøkjande og for forskarar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Eric Carle» frå og «Eric Carle» frå , den 18. desember 2023.

Delar av denne artikkelen bygger på «The Very Hungry Caterpillar» frå , den 18. desember 2023.

Bakgrunnsstoff

The Eric Carle Museum of Picture book Art

Interview with Eric Carle, All About Kids! TV Series #93 (1991)

Kategori:USA-amerikanske barnebokforfattarar Kategori:USA-amerikanske illustratørar Kategori:Tysk-amerikanarar