Bror Yngve Rahm () er ein norsk politikar frå Skien. Han var 1997–2005 stortingsrepresentant for Telemark og Kristeleg Folkeparti.
Rahm voks opp i Gjerpen, far hans var snikkar. Sjølv byrja han arbeide i postverket, deretter var han 1977-80 reisesekretær i Kristeleg Folkeparti. Sidan hadde han jobb som bilseljar heime i Telemark. Perioden 1984 til -95 var han dagleg leiar av Kontaktsenteret (seinare Skien diakonale senter), eit tilbod for unge rusmisbrukarar. I 1995 vart han vald inn i Telemark fylkesting der han fekk posisjonen som leiar av hovudutvalet for vidaregåande opplæring. To år seinare kom Rahm inn på Stortinget som den fyrste representanten busett i Siljan. På Tinget var han medlem i Energi- og miljøkomitéen, perioden 2001–05 som komitéleiar. Ved stortingsvalet 2005 mista Rahm og Kristeleg Folkeparti sitt mandat i Telemark. Frå 2006 var Rahm tilsett i Norsk Industri i over ti år. Jamsides hadde han fleire offentlege verv, så som styreleiar i Statens naturskadefond, i Telemarkskanalen og i Artsdatabanken.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bror Yngve Rahm» frå , den 31. desember 2023.
Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Folk frå Skien Kategori:Kristeleg Folkeparti