Ali Bongo Ondimba ("Bongo Ali", Gabon: Les hommes de pouvoir, nummer 4, Africa Intelligence, 5. mars 2002 som Alain Bernard Bongo), også kjend som Ali Bongo og Ali Ben Bongo, er ein gabonsk politikar som var den tredje presidenten av Gabon frå 2009 til 2023."Gabon military officers declare coup after Ali Bongo wins disputed election". The Guardian, Hentet 30. august 2023.Gabon army claims overthrow of 56-year-old political dynasty after election. Washington Post. Henta 30. august 2023. Han er medlem av Det demokratiske partiet i Gabon (Parti démocratique gabonais, PD-G).
Politisk karriere Ali Bongo er son av Omar Bongo, som var president av Gabon frå 1967 til han døydde i 2009. Under presidentskapet til faren var han utanriksminister frå 1989 til 1991, representerte Bongoville (ein by oppkalla etter Omar Bongo) som representant i nasjonalforsamlinga (Underhuset i Det gabonske parlamentet) frå 1991 til 1999 og var forsvarsminister frå 1999 til 2009. Etter at faren døydde vann han det gabonske presidentvalet i 2009."Bongo's son to be Gabon candidate in August poll", AFP, 16. juli 2009. Han blei gjenvald i 2016 i eit val som var prega av mange uregelmessigheiter, arrestasjonar, menneskerettskrenkingar og protestar og vald etter valet."Unrest as dictator's son declared winner in Gabon", Associated Press, 3. september 2009.
Den 30. august 2023, etter resultatet av det gabonske parlamentsvalet 2023, fordreiv militæret han frå presidentposten ved eit statskupp og oppretta ein junta. Kuppmakarane meinte at valet ikkje var transparent eller rettferdig, og sette Bongo i husarrest.
Brice Oligui, ein slektning av Bongo og militær kommandant, blei seinare innsett som mellombels president av juntaen. Ei veke etter kuppet godkjende Oligui at Bongo skulle setjast fri av medisinske grunnar, og sa han var fri til å forlata landet for å få behandling. Bongo flytta til den private bustaden sin i Libreville.
Bakgrunn Ali Bongo blei fødd i Brazzaville som son av Albert-Bernard Bongo (seinare Omar Bongo Ondimba) og songaren Josephine Kama (seinare Patience Dabany) og gjeven namnet Alain Bernard Bongo. Bongo konverterte til islam i 1973, og bytta då namn til Ali.
Bongo blei utdanna ved ein privatskole i Neuilly i Frankrike, og studerte deretter juss ved Sorbonne."Who is Ali Bongo, president of Gabon?", BBC News, 7. januar 2019 I 2018 fekk han ein æresdoktorgrad i juss frå Wuhan universitet i Kina."Honorary Doctorate of Law awarded to Ali Bongo Ondimba, President of the Gabonese Republic by Wuhan University", Wuhan Universitet, 14. september 2022
Bongo arva ein pasjon for musikk frå mor si. I 1977 gav han ut eit funkalbum, A Brand New Man, produsert av Charles Bobbit som var manageren til James Brown."Who is Ali Bongo, president of Gabon?", BBC News, 7. januar 2019
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ali Bongo» frå , den 11. januar 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Gabonske politikarar Kategori:Gabonske presidentar