Olga Christiane Topp () var, som mangeårig innehavar og drivar av Hjorten Revy- og Varietéteater, ein markant skikkelse i restaurant- og underhaldingslivet i Trondheim. Ho var også ei tid eigar av Britannia Hotel i same by.

Biografi miniatyr|upright|left|Hjorten Revy- og Varietéteater (etter 1900)Olga Topp var dotter av skipstømmermannen Niels Christensen SkatteboFolketelling 1875 for 0101P Fredrikshald prestegjeld, Tellingskrets: 001a, Bosted by: 0041 Sølvgaden og Marte Bolette Olsdatter.SAO, Halden prestekontor Kirkebøker, F/Fa/L0009: Ministerialbok nr. I 9, 1866-1877, s. 64 Ho blei 20. februar 1893 gift i Treeiningskyrkja i Kristiania"Norway Marriages, 1660-1926", database, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWSP-RRF : 20 February 2020), Olga Kristiane Skattebo in entry for Carl Friedrich Topp, 1893. med den tre år eldre tyskaren Fritz (Carl Friedrich) Topp. I 1894 kom dei til Trondheim, der Fritz Topp fekk jobb som portier og overkelner på Britannia Hotel. I 1898 kjøpte han lyststaden «Hjorten» i bydelen Ila, og familien, som no talde to vaksne og to søner, flytta dit.

Eit intervju med Olga Topp i Adresseavisen i 1952, og avisomtaler av ho i samband med fødselsdagar og utmerkingar, handlar i stor grad om «Hjorten», som blei eit internasjonalt kjent revy- og varietéteater i hennar og mannen si tid som eigarar og drivarar. Dei fekk riveI enkelte kjelder står det berre at dei fekk byggje om, ikkje rive, den eksisterande bygninga det gamle sommaretablissementet, fekk ført opp ei ny restaurantbygning i drakestil, og opna for heilårsdrift. Allereie 17. mai 1899 kunne nye Hjorten opne. Arkitekt for bygginga var Karl Norum.

Samstundes med at dei dreiv sitt mangfaldige teater i Hjorten, kjøpte ekteparet Topp i 1912 Britannia Hotel. Olga Topp stod som aksjeeigar, og Fritz Topp var administrerande direktør. Hotellet blei seld vidare i 1924.

I deira tid som eigarar hadde Hjorten artistar og gjestar frå inn- og utland. Etter at Fritz Topp døydde i 1920, dreiv Olga Topp staden vidare, trass i fleire år med nedgangstider. Den siste revyen blei vist i samband med jubileumsfeiring i 1948. Restauranten blei driven vidare i fleire år, men i august 1955 stengde Olga Topp dørene også for denne delen av drifta. I 1961 blei den karakteristiske bygninga rive for å gje plass for Ila forsamlingshus og aldersbustadar. Olga Topp hadde då flytta frå staden og same haust, i september 1961, døydde ho.

Olga Topp var formann i Hotell- og restaurantfagets kvinneforening, og var i fleire år viseformann i Trondhjem og omegns hotell- og restaurantforeining. Året før ho fylte 60 år blei ho tildelt heidersteikn frå denne foreininga «for sin levende interesse i faget og organisasjonen».

I 1953 blei Topp utnemnd til æresmedlem av Nordenfjeldske Hotell- og Restaurantforening, og fekk overrekt ein æresmedalje som teikn på utnemninga.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Olga Topp» frå , den 9. mars 2024.

Kategori:Norske teatersjefar Kategori:Restauratørar Kategori:Kultur i Trondheim Kategori:Folk frå Trondheim