Grafisk roman (engelsk graphic novel) er eit lengre teikneserieverk i bokform.
Omgrepet «grafisk roman» blir brukt breitt og omfattar alt frå skjønnlitteratur til sakprosa og biografi. Omgrepet har utspring frå USA og Frankrike, og er meint å markera eit skilje frå vanlege teikneseriar. Det kan til dømes visa til verk som opphavleg er laga for å gjevast ut i lang form, til skilnad frå typiske seriar, som kan ha kome ut i striper eller framhaldsseriar.
Historie Ein nøyaktig definisjon av grafiske romanar er diskutabelt og opphavet til kunstforma er ope for tolking. Holemåleri kan ha fortalt historier. Både kunstnarar og handverkarar i mellomalderen formidla historier via bilete i til dømes glasmåleri og biletteppe.
Første bruk av omgrepet skal ha skjedd i 1964. Det kom i vanleg bruk etter utgjevinga av Will Eisner sin En kontrakt med gud i 1978.The Anatomy of Expression: Will Eisner and ‘A Contract With God’
Norske utgjevingar
Ankomsten Drama i Bayern (1987) av Tor Bomann-Larsen Ivar Aasen: ei historie om kjærleik (1996) av Erna Osland og Arild Midthun Monster-tetralogien Fotografen Rabbinerens katt Husfred Bygdegutar Ser du meg nå Munch (2013) av Steffen Kverneland Kjære Rikard
Sjå òg
Manga
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Grafisk roman» frå , den 17. mars 2024.
Kategori:Teikneseriar