Meryll Krysteen Abrahamsen Rosales Serrano () er ein norsk-filippinsk fotballspelar frå Veavågen på Karmøy, som spelar for Stabæk.
Karriere Klubbkarriere Abrahamsen debuterte for A-laget til Haugar som 14-åring i 2012, og spelte tre sesongar for klubben i 2. divisjon før ho gjekk til Avaldsnes. Ho debuterte i Toppserien mot Røa i oktober 2015, og scora på si fyrste ballberøring etter å ha vore på banen i berre halvtanna minutt. Ho fekk berre to kampar i Toppserien i 2015, men fekk eit innhopp i cupfinalen mot LSK Kvinner. Ho spelte seg til ein sentral del av laget i løpet av dei neste sesongane, og blei cupmeister med klubben i 2017.
I januar 2019 signerte Abrahamsen ein eittårskontrakt med LSK Kvinner. Ho var med å vinne både serie og cupen med klubben same sesong.
I desember 2019 signerte Abrahamsen for Arna-Bjørnar. I november 2021 forlende ho kontrakten med klubben.
I januar 2022 signerte Abrahamsen for Stabæk.
Landslagskarriere Abrahamsen har aldersbestemte landskampar for Noreg. I 2022 fekk ho tilbod om å spele for det filippinske landslaget, som ho var kvalifisert til spel for ettersom at mora hennar kjem frå Filippinane.
I desember 2022 scora Abrahamsen sitt fyrste landslagsmål for Filippinane i ein vennskapskamp mot Papua Ny-Guinea.
Abrahamsen var ein del av den filippinske troppen til VM i Australia og New Zealand i 2023, der ho var med å møte Noreg i gruppespelet.
Merittar Med Avaldsnes Noregsmeisterskapen: 2017
Med LSK Kvinner Toppserien: 2019 Noregsmeisterskapen: 2019
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Meryll Abrahamsen» frå , den 24. mars 2024.
Bakgrunnsstoff Meryll Abrahamsen Serrano hos Footballdatabase Meryll Abrahamsen Serrano hos Noregs Fotballforbund Meryll Abrahamsen Serrano hos Soccerdonna
Kategori:Norske fotballspelarar Kategori:Filippinske fotballspelarar Kategori:Fotballspelarar for Avaldsnes Kategori:Fotballspelarar for LSK Kvinner Kategori:Fotballspelarar for Arna-Bjørnar Fotball Kategori:Fotballspelarar for Stabæk Fotball Kvinner Kategori:Noregsmeistrar i fotball Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2023 Kategori:Folk frå Karmøy