Lill Sofie Stub Eriksson Wilsberg (), også kjend under artistnamnet Lily Löwe, er ein norsk rockevokalist, låtskrivar og stylist frå Eidskog. Ho deltok i Melodi Grand Prix 2022 med låten «Bad Baby».

Bakgrunn Wilsberg vaks opp på Skotterud i Eidskog i Innlandet, men flytta til Oslo etter vidaregåande. Der satsa ho på musikk, hovudsakleg melodisk hardrock, men også innan sjangrane som metal med innslag av pop og punk. Hennar musikalske førebilete er blant andre Rammstein og Lady Gaga.

I tillegg til musikken jobber Wilsberg også som kostymedesigner, sminkør og stylist. Ho har medvirka i produksjonen av ei rekkje film- og tv-produksjonar, blant anna NRK-serien Rådebank. For Rådebank blei ho nominert til både Gullruten 2021 og Gullruten 2022 i klassen beste kostyme.

I 2022 deltok Lily Löwe i Melodi Grand Prix, med låten «Bad Baby». Löwe deltok i den andre delfinalen laurdag 22. januar, men gjekk ikkje vidare til finalen.

Diskografi Album 2022 – Löwe

Singlar 2022 – «Bad Baby»

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lill Sofie Wilsberg» frå , den 30. mars 2024.

Kategori:Norske songarar Kategori:Norske rockemusikarar Kategori:Norske låtskrivarar Kategori:Melodi Grand Prix 2022-deltakarar Kategori:Melodi Grand Prix 2022-låtskrivarar Kategori:Folk frå Eidskog