Elham Amar, fram til midtsommars 2023 Elham Abdulrauf, også skrive Elham Abdrlauf () er ein norsk sjakkspelar, noregsmeister i sjakk 2026https://tournamentservice.com/standings.aspx?TID=Landsturneringen2026-KristiansundSjakklubb&lang=nb-no. Han kvalifiserte seg i 2023 til FIDE-tittelen stormeister i sjakk.
Elham Amar kvalifiserte seg FIDE-meister i 2019, og til Internasjonal Meister i sjakk i 2022. Han kvalifiserte seg til stormeistertittelen ved å ta ikkje mindre enn fem stormeisterresultat frå juli til oktober i 2023: 6 poeng av 9 moglege i eliteklassa i NM i sjakk i Oslo 30.6-8.7; ved å vinne Riga Technical University Open 7-13.8 med 7,5 av 9; ved å vinne Open Internacional de Sants - Ciutat de Barcelona 18-27.8 med 7,5 av 9; ved å ta 8 av 11 i junior-VM i Mexico 21.9-1.10, og ved å ta 6,5 av 9 i Fagernes International Autumn 8-15-10.2023. Tre av desse resultata hadde vore nok. Kravet om eigen rating over 2500 hadde han oppfylt allereie pr 1. november 2022 med 2504. Han hadde dermed kvalifisert seg til stormeistertittelen allereie då han hadde vunne turneringa i Barcelona 27. august 2023. Elham Amar vart utnemnd til stormeister av verdsjakkforbundet FIDE i april 2024.
Elham Amar var elev ved sjakklina på NTG videregående skole i Bærum med blant andre Simen Agdestein som lærar. Han er likevel i stor grad sjølvlærd.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Elham Amar» frå , og på «Elham Amar» frå den 4. april 2024.
Bakgrunnsstoff
Elham Amar si side hos FIDE Elham Amar sine sjakkparti hos chessgames.com
Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Noregsmeistrar i sjakk