Inga Strümke () er ein norsk fysikar og KI-forskar ved Norwegian Open AI Lab på NTNU.
Bakgrunn Inga Strümke vart fødd i Gummersbach i Tyskland. Som fireåring flytta ho til Narvik der ho vaks opp. Ho fullførte vidaregåande skule ved Narvik, avdeling Frydenlund i 2007. Same haust byrja Strümke på NTNU der ho tok mastergrad i teoretisk fysikk i 2012. Dinest tok ho doktorgrad i partikkelfysikk ved Universitetet i Bergen i 2019.
Karriere Strümke er førsteamanuensis og forskar innan maskinlæring, forklarbar kunstig intelligens og KI-etikk ved Norwegian Open AI Lab ved NTNU. Ho har tidlegare mellom anna yrkt med «ansvarlig AI» og algoritmerevisjon som rådgjevar for PwC.
Inga Strümke er ein aktiv formidlar som jamnan vert brukt i media. Ho har mellom anna vore deltakar i Abels tårn, radioprogram om populærvitskap på NRK, og i teknologispalta i avisa Morgenbladet. I 2019 fekk ho formidlingsprisen til Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen.
I 2023 gav Inga Strümke ut boka Maskiner som tenker. Boka vart tildelt Brageprisen for årets beste norske sakprosabok.
I november 2023 fekk ho Forskingsrådets formidlingspris på 500 000 kr.
Bibliografi Maskiner som tenker. Kagge forlag, 2023. ISBN 9788248932505
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Inga Strümke» frå , den 7. april 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Narvik Kategori:Norske fysikarar Kategori:Norske KI-forskarar