«Love Injected» (norsk 'kjærleik injisert') er ein song frå 2015 av den latviske songaren Aminata Savadogo. Songen vann den latviske songtevlinga Supernova 2015 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2015 i Wien.

Om songen «Love Injected» er skriven av Aminata Savadogo.

«Love Injected» var eitt av 20 bidrag i den latviske songtevlinga Supernova 2015, arrangert av kringkastaren (LTV). «Love Injected» kvalifiserte seg frå innleiande runde, semifinale og vann seinare finalen 22. februar 2015 i LTV Studio 6 i Riga. Gjennom sigeren blei «Love Injected» det latviske bidraget til Eurovison Song Contest 2015.

Eurovision Song Contest I januar 2015 blei Latvia trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen blei arrangert i i Austerrike torsdag 21. mai, og Latvia hadde startnummer 10. «Love Injected» blei blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg til finalen laurdag 14. mai. I finalen blei songen nummer 6 av 27 bidrag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Love Injected» frå , den 27. april 2024.

Kategori:Latviske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2015-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar