«Line» (norsk 'strek' eller 'line') er ein song frå 2017 av den latviske gruppa . Songen vann den latviske songtevlinga Supernova 2017 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2017 i Kyiv.
Om songen «Line» er skriven av Kristians Rakovskis og bandmedlemmane i Triana Park Agnese Rakovska og Kristaps Ērglis.
Songen var eitt av 22 bidrag i den latviske songtevlinga Supernova 2017, arrangert av kringkasteren (LTV). «Line» kvalifiserte seg frå innleiande runde, semifinale og vann seinare finalen 26. februar 2017 i LTV Studio 6 i Riga. Gjennom sigeren blei «Line» det latviske bidraget til Eurovison Song Contest 2017.
Eurovision Song Contest I januar 2017 blei Latvia trekt til å delta i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen blei arrangert i International Exhibition Centre i Ukraina tysdag 9. mai, og Latvia hadde startnummer 18. «Line» enda sist i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 13. mai.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Line (Triana Park-sang)» frå , den 27. april 2024.
Kategori:Latviske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2017-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar