Runa Karin Førde () var ein norsk målar, grafikar og illustratør.

Førde blei fødd i Oslo. Ho utdanna seg ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (1949–1953) og Statens kunstakademi (1953–1957). Ho debuterte som illustratør allereie i 1945 med teikningar til Ragna Breda si bok Lisemor i krig og fred. Ho illustrerte fleire bøker, særleg barne- og lesebøker, og vekte merksemd med skildringane sine av kvardagslivet i Kina i samtida. Ho hadde elles utsmykkingsoppdrag, mellom anna for Gimsøy skule i Skien, og deltok på ei lang rekkje utstillingar. Runa Førde er innkjøpt av mellom anna Nasjonalgalleriet i Oslo.

Runa Førde budde i Stokke kommune i Vestfold.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Runa Førde» frå , den 17. juni 2024.

Bakgrunnsstoff CV for Runa Førde hjå Kunstnernes informasjonskontor (arkivert nettside)

Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Kvinnelege målarar Kategori:Vinnarar av kulturdepartementet sine barnebokprisar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Norske grafikarar Kategori:Norske teiknarar Kategori:Norske målarar