Isaak Guderian (), kjend som Isaak, er ein tysk artist. Han representerte Tyskland i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Always on the Run».
Bakgrunn og privatliv Guderian blei fødd i 1995 av ei islandsk mor og ein tysk far og vaks opp i Porta Westfalica i Nordrhein-Westfalen. Han bur for tida i Espelkamp saman med kona si Loreen og dei to barna deira.
I intervju har Guderian sagt at han har ADHD.
Karriere
Guderian byrja sin musikalske karriere som gatemusikar, og starta deretter eit band. I 2011 deltok han i den tyske versjonen av X Factor med ein versjon av Oasis-hiten «».
Som 18-åring skipa Guderian sitt eige selskap for å organisere lokale og alternative musikkarrangement. I 2020, under koronapandemien, byrja han å komponere musikk, og i 2021 fekk han sitt store gjennombrot då han vann talentprogrammet Show Your Talent. I 2024 deltok Guderian i musikkonkurransen , der vinnaren fekk representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Han deltok med låten «Always on the Run» og vann konkurransen etter å ha fått flest poeng frå sjåarane og juryane. Han fekk dimed retten til å representere Tyskland i finalen av Eurovision Song Song Contest laurdag 11. mai 2024. I finalen enda han på 12. plass med 117 poeng.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Isaak Guderian» frå , den 28. juni 2024.
Kategori:Tyske musikarar Kategori:Tyske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2024-låtskrivarar