Ferhan og Ferzan Önder () er tyrkisk-austerrikske tvillingar og pianistar. Dei opptrer ofte som ein duo.

Liv og virke Ferhan og Ferzan Önder vart fødd i ein liten landsby i provinsen Tokat i Nord-Tyrkia. Familien flytta til Ankara då den eldre broren deira byrja å studera musikk ved Konservatoriet i Ankara. Tvillingsøstrene byrja å spela piano i ein alder av 10 år og vart underviste som ein pianoduo frå byrjinga. Då dei var 14 vann dei ein spesiell jurypris på Concorso Pianistico Internazionale Alessandro Casagrande i Terni i Italia. Dei studerte først ved Hacettepe Universitet i Ankara og frå 1985 ved Universität für Musik und darstellende Kunst Wien i meisterklassane til Noel Flores og Paul Badura-Skoda.

Duoen er kjend gjennom konsertreiser over heile verda og jamlege konsertar med anerkjende internasjonale orkester. Dei opptrer også på musikkfestivalar som Festspela i Salzburg, Beethovenfest Bonn, Wien Festival, Rheingau Musik Festival og Schleswig-Holstein Musik Festiva}.

Repertoaret til duoen inkluderer verk av Bach, Vivaldi, Mozart, Poulenc, Bartók, Stravinskij, Witold Lutosławski og Fazıl Say.Programhefte for Schleswig-Holstein Musik Festival frå 2./3. august 2010 og frå 27./28. juli 2011.

Deira første offisielle CD Vivaldi Reflections (2001) fekk ECHO Klassik-prisen i 2002. Det andre albumet deira hadde tittelen 1001 Nights (2003). I 2002 vart ei konsertinnspeling av eit samarbeid med Sächsische Staatskapelle Dresden (Dyrenes Karneval, talar: Günther Jauch) gitt ut.

Tvillingsøstrene vart utnemnde til goodwill-ambassadørar for UNICEF av UNICEF sin Tyrkia-komité i 2003 og er involverte i barneprosjekt.

Privatliv Begge systrene bur i Wien.

Ferhan Önder var gift med pianisten Rico Gulda og dei har ei dotter saman.

Ferzan Önder var tidlegare gift med ein wiensk gründer. Sidan 2009 har ho vore gift med multiperkusjonisten Martin Grubinger, og dei har ein son.

Diskografi 1998: Saint-Saens - Beethoven (Pan Classics) 2001: Vivaldi Reflections (EMI) 2002: Karneval der Tiere 2003: 1001 Nights (EMI) 2015: Carmina Burana (SONY) 2019: Karneval der Tiere (SONY) 2019: Ferhan&Ferzan Önder play Fazil Say (WINTER&WINTER)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ferhan og Ferzan Önder» frå , den 10. juli 2024.

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

(på engelsk)

Kategori:Tyrkiske tvillingar Kategori:Tyrkiske pianistar Kategori:Austerrikske pianistar Kategori:Klassiske pianistar Kategori:Musikalske duoar