høgre|mini|Regnskog på Borneo. Tropisk skog er skogkledde økoregionar med tropisk klima, det vil seia landområda som er avgrensa av den nordlege vendekrinsen og den sørlege vendekrinsen, men kanskje også påverka av andre faktorar som dominerande vindar. Nokre tropiske skogtypar er vanskelege å kategorisera. Medan skog i tempererte område kan kategoriserast på grunnlag av trekronedekket, verker ikkje slike kriterium så godt i samband med tropiske skogar. Det finst ikkje ein einskild standard som definerer kva ein skog er, i tropiske regionar eller andre stadar.Anatoly Shvidenko, Charles Victor Barber, Reidar Persson et al. 2005 "Millennium Ecosystem Assessment." Ecosystems and human wellbeing: a framework for assessment Washington, DC: Island Press På grunn av desse vanskane varierer informasjonen om omfanget av tropiske skog mellom ulike kjelder. Dei tropiske skogane er likevel store, og utgjer litt under halvparten av skogane i verda.D'Annunzio, Rémi, Lindquist, Erik J., MacDicken, Kenneth G. 2017 "Global forest land-use change from 1990 to 2010:an update to a global remote sensing survey of forests Forest Resource Assessment Working Paper 187" FAO, Rome. Dei tropiske områda har den største delen av skog i verda (45 %), følgd av boreale, tempererte og subtropiske område.
Typar av tropisk skog Ein tenker seg gjerne tropiske skogar som eviggrøne regnskogarAnatoly Shvidenko, Charles Victor Barber, Reidar Persson et al. 2005 "Millennium Ecosystem Assessment." Ecosystems and human wellbeing: a framework for assessment Washington, DC: Island Press og fuktige skogar, men desse står for berre ein del av desse skogane (avhengig av korleis dei er definerte - sjå kart). Dei andre tropiske skogane er eit mangfald av mange ulike skogtypar, inkludert: Open eukalyptus-skog, tropisk barskog, savanne (t.d. Sahel-skog) og fjellskog, der dei høgare områda er skyskog. Sjølv over relativt korte avstandar kan grensene mellom desse bioma vera uklare, med ekotonar mellom hovudtypane.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Tropical forest» frå , den 5. august 2024.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skogar Kategori:Biologisk mangfald Kategori:Økosystem