Steinhatchee er ein busetnad ved kysten av Mexicogolfen i den sørlege delen av Taylor County i Florida i USA. Steinhatchee ligg sør for fylkeshovudstaden Perry. Steinhatchee-elva renn forbi busetnaden og ut i Mexicogolfen. På andre sida av Steinhatchee-elva ligg busetnaden Jena, som er i Dixie County. Steinhatchee ligg nord for byen Cross City. Han ligg kring over havnivået.

Frå byrjinga av 1800-talet spelte Steinhatchee ei viktig rolle i skogbruket, særleg i hogst av sedertre som blei brukte til å laga pennar, og innan fiske av fisk, krabbe og skjel.

Orkanen Idalia råka busetnaden med rundt 600 innbyggjarar den 30. august 2023 med ei stormflod på 6 fot og vind på 80 mph som eskalerte kvar time.Elena Barrera. (31. august 2023). "'Gone in a flash': Steinhatchee residents cope after Idalia devastates Big Bend towns". Tallahassee Democrat website Vitja 4. september 2023.

5. august 2024, rundt klokka 7.00 lokal tid (EDT), kom orkanen Debby til land nær Steinhatchee med maksimale vindar som blei rekna til 80 mph.

Ved folketeljinga i USA i 2020 var det 1049 personar, 327 hushald og 214 familiar som budde i Steinhatchee.

Merknadar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Steinhatchee, Florida» frå , den 13. august 2024.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Busetnader i Florida